7 av 10 lærarar er kvinner

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette syner tal Kommunal Rapport har henta inn. Inneverande skuleår er berre 26 prosent av lærarane i grunnskulen menn, noko som uroar likestillingsombod Sunniva Ørstavik.  

− Større kjønnsbalanse blant grunnskulelærarane er viktig for barnas sosiale utvikling. Det er viktig for gutar å ha rollemodellar dei kan identifisere seg med. Og det er like viktig for jenter at dei oppdagar at både kvinnerolla og mannsrolla er vid og lærer om omgåast begge kjønn. Barna skal jo utvikle seg til å bli likanes menneske, og då inngår kjønn og kjønnsforståing som viktige element, seier ho til Kommunal Rapport.  

Lågast i Akershus
Til saman jobbar 17.137 mannlege lærar i grunnskulen, noko som er 411 færre enn i fjor.

Akershus kjem dårlegast ut, med vel 22 prosent menn. Medan vel 29 prosent av lærarane i Troms og Vest-Agder er menn.  

Av kommunane i Noreg scorar Røst i Nordland lågast med berre 9 prosent mannlege lærarar. På den andre enden av skalaen tronar Åmli i Aust-Agder med 59 prosent mannlege lærarar.

LES OGSÅ: Kvinner og menn like ambisiøse

Uroa for rekrutteringa
Likestillingsombodet er redd for rekrutteringa, om talet på menn i skulen kjem under eit kritisk nivå. Ho meiner det kan gje mannlege lærarar ei kjensle av å vera annleis, som kan skremme nye frå å søke og få dei som allereie jobbar som lærarar til å slutte.  

– No må kommunane ta ansvar og stimulere til systematisk arbeid for å få fleire menn inn i læraryrket i grunnskulen, seier Ørstavik til Kommunal Rapport. Ho meiner til dømes kommunar kan påskjøne skular som driv godt rekrutteringsarbeid, og at dei kan jobbe systematisk med å bygge fagmiljø der ein høgare del er menn.  

LES OGSÅ: Lærarfaget får etiske retningslinjer

Attraktiv arbeidsplass
KS meiner derimot Likestillingsombodet vel feil inngang med å vera kritisk til kommunanes innsats.

– Vi veit at kommunane er opptekne av å rekruttere dei mest kompetente lærarane, med best mogleg kompetanse, erfaring og som er personleg eigna, seier avdelingsdirektør for utdanning, Jan Sivert Jøsendal. Han peikar på at fleire jenter vel høgare utdanning generelt, også utanfor lærarutdanning, og at kommunane slik har ein skeiv populasjon å velje frå.

– Det viktigaste vi kan gjera er å få både lærarar og andre til å snakke skulen opp, slik at fleire får augo opp for kor attraktiv skulen er som arbeidsplass, både for kvinner og menn, seier Jøsendal til Kommunal Rapport. 

LES OGSÅ: Treng flinke lærarar