– Endeleg har eg nøkkelen til livet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ubeskriveleg deileg, seier Yousef Shamari (18) då me treff han på Karl Johan i Oslo.

– Eg er enno litt i sjokk. Endeleg har eg fått nøkkelen til livet, seier han.

No gler han seg til å bruka statsborgarskapen sin, og gler seg til å bruka stemmeretten sin ved stortingsvalet i haust. Yousef har budd i Noreg i over 15 år, og har venta like lenge på norsk statsborgarskap.

– Eg har òg lyst til å oppsøkja røtene mine, seier han. Men å reisa til Irak, der foreldra kjem i frå, har han ikkje tenkt til.

– Eg kan tenkja meg å reisa til blant anna Afrika, og hjelpa andre, seier han. Første utanlandsturen hans med norsk pass går til Danmark i vinterferien.

Han håpar òg å reisa utanlands for å fotografera. I sommar vann han Framtida.no og Magasinett sin fotokonkurranse.

Gjorde inntrykk
Sommaren 2011 skreiv han kronikken Kva betyr det lille røde passet? på Framtida.no om korleis det er å vera statslaus. Korleis det er å ikkje kunne dra på skuletur til utlandet eller få stemma.

«For meg er det veldig trist å tenke på at jeg ikke har samme rettigheter som andre ungdommer på min alder», skreiv han.

For vel eitt år sidan lova dåverande barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken at Yousef skulle få norsk statsborgarskap etter ei varsla lovendring.

– Audun Lysbakken sa til meg at han hadde lese kronikken min, og at den gjorde inntrykk. Då blei eg berre heilt sett ut, seier Yousef glad.

– Historia mi viser at det er viktig å ikkje gi opp, smiler han.

QUIZ:Kva veit du om innvandring?