– Ta ein slurk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Tidligare denne veka kom det fram at avhaldsungdom er ei einsam gruppe, med auka risiko for angst og depresjon, og at mange av dei heller ikkje har debutert seksuelt. Resultata kom fram i ein studie utført av Willy Pedersen, presentert i Tidsskrift for Den norske legeforening.  

 – Vi meiner ei svakheit ved undersøkinga, er at ungdommane berre har vorte spurte om dei har drukke alkohol dei fire siste vekene. Det kan vera mange grunnar til avhald i eit slikt tidsrom, som sjukdom eller graviditet. Er det andre grunnlag for problema, er det kanskje heller ikkje naturleg å vera i samanhengar der det vert servert alkohol, forklarar leiar i Juvente, Amanda Rose Stratford Gamst.

LES OGSÅ: Avhaldsrørsla i medvind

Ikkje oss
Juvente meiner undersøkinga er grei, med at den syner at ungdom som ikkje drikk alkohol på tidspunkt i livet har problem. Men dei føler ikkje undersøkinga dreier seg om dei, som ungdommar med eit medvite val om avhald. Resultata viste og at avhald grunna politiske eller religiøse overtydingar, ikkje medførte dei same problema.

– Kvifor vel de avhald?

– Det er mange grunnar, men mange av medlemmane gjer det i solidaritet med dei som har alkoholproblem, med å gjera det lettare å la vera å drikke. Ein del tykkjer det er usunt å drikke, og søkjer slik eit miljø med likesinna. For min det handlar det om å vise at det er mogleg, forklarar Stratford Gamst.

LES OGSÅ: Edru ungdomstid

Meir enn ungdomsklubb
Sjølv om det varierar frå stad til stad, opplever Juvente at det er mangel på gode alternativ til festar med alkohol. Spesielt for ungdom frå 16-17 års alderen når ungdomsklubbar ikkje lenger er like interessante.

– På små stader skjer det ofte ikkje noko anna enn heimefestar med alkohol, alternativet vert å sitje heime hjå mor og far. Men vi også ynskjer jo å reise på ein god fest, seier Stratford Gamst.

– Kva kan gjerast for å skape fleire og betre alkoholfrie arenaer for ungdom?

– Det er viktig med til dømes rusfrie konsertar. Der trur eg det er viktig at marknadsføringa ikkje fokuserar på at det rusfrie, men heller på banda og at det vert ein bra konsert, held ho fram. Og meiner dette spesielt gjeld studentkulturen.

LES OGSÅ: – For mykje drikking i politikken

Alle andre drikk
Stratford Gamst meiner foreldra har mest å seie når det gjeld ungdomars forhold til alkohol. Både ved å setje grense, og ved å redusere sitt eige forbruk og slik syne at det går an å klare seg bra i sosiale settingar utan for mykje innabords.

– Når foreldra påpeiker at alkohol er vaksendrikken, vert det å byrje og drikke ein for stor del av det å verte vaksen forklarar ho. Samstundes har jamaldringar også påverknad.

– Ein tenkjer at alle andre drikk. Kanskje spesielt på ungdomsskulen, samstundes som dei feste ungdommar faktisk ikkje byrje å drikke før i 16-17 års alderen.

– Møter de fordommar, og får problem fordi de har avhalds?

– Vi får alltid spørsmål om kvifor vi ikkje drikk. Ein del er skeptiske, samstundes som vi får ein del positive attendemeldingar. Men så er det ofte kommentarar om at det ikkje er så farleg å drikke litt, og om vi ikkje vil ta ein slurk, seier Stratford Gamst. Som opplever at ein del av medlemmene føler det er litt tøft å alltid verte konfrontert.

– Ein er forventa å ha ein god grunn for å ikkje drikke, medan det er motsett om ein vel å drikke. Nokon vert også litt provosert, og trur ein kjem til å hugse alt det dumme som vert gjort. Men vi er jo ikkje noko moralpoliti, held ho fram.

LES OGSÅ: Vorspiel gjev meir alkohol-konsum

– Er vi så innovervende?
Juvente ynskjer at ungdom skal byrje å drikke seinare, og at dei skal drikke mindre. Alle medlemane er totalavhaldne, ein del er medlemmar fram til dei fyller 18 år og går så over til eit moderat alkoholforbruk.

– Treng vi meir alkoholdebatt i Noreg?

– Det vert nokre gonger skulda på den norske alkoholkulturen, med det vert ikkje take noko oppgjer med denne. Så vi treng ein debatt om alkoholkultur, seier Juvente-leiaren.

Samstundes peikar ho på at alkohol vert eit element på stadig fleire arenaer, både festar og ved at ein alltid møter kvarandre over ein øl eller eit vinglas. Slik vert det eit auka press, både for å drikke og for å ta den heilt ut.

– Kan vi ikkje vera saman utan å drikke alkohol? Er vi så innovervende? avsluttar Amanda Rose Stratford Gamst.

LES OGSÅ: Alkoholforbruket når nye høgder

Er det for mykje drikkepress i dag? Kva bør ein gjera for at folk skal sleppa å oppleva drikkepress?