Vil skilja flinke og svake elevar

Byrådet i Oslo skil flinke og mindre flinke elevar i enkelte fag i Oslo-skulen, og vil ha det slik i heile Noreg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulebyråden til Høgre i Oslo, Torger Ødegaard, ber no regjeringa gå gjennom lovverket slik at det blir enklare å dela elevar inn etter kor flinke dei er, melder NRK.

– Det er fordi alle elevar skal få noko å strekkja seg etter. Alle elevar skal få tilpassa opplæring. Difor meiner eg at nivådeling bør vera hovudregelen, ikkje unntaket, seier Ødegaard.

Hovudargumentet hans er at det er vanskeleg å gi tilpassa opplæring i heile klassar.

– Eg er opptatt av at lærarane og skulen skal ha fleksibilitet til å kunne dela elevane. Nokre gonger i små grupper, nokre gonger større grupper i forskjellige fag fordi elevane er forskjellige og då kan ein ikkje tilby alle det same dersom alle skal få noko å strekkja seg etter, seier Ødegaard.

Utdanningsforbundet meiner ein bør vera forsiktig med bruk av nivådeling.

Kva meiner du? Bør det bli meir eller mindre nivådeling i skulen? Korleis bør ein best leggja til rette for tilpassa opplæring?