Unge vaksne som ikkje drikk er ei einsam gruppe, viser ein omfattande studie. Dei har auka risiko for angst og depresjon, og fleire får trygd og sosialhjelp. Mange har heller ikkje hatt sex. 

NPK
NPK

Dette kjem fram av ein studie publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening nummer 1 i 2013, der Willy Pedersen har undersøkt alkoholavhald hjå unge vaksne.

– Vi veit at dei som ikkje drikk har høgare dødstal enn dei som drikk moderat, og mange trur at «eit glas vin er godt for hjarta». Men funna kan tyde på at det er andre grunnar til at dei som ikkje drikk døyr før andre, seier Pedersen.

LES OGSÅ: Blir like fin utan vin

Svake vennenettverk
Av 21-åringane hadde nesten 11 prosent vore avhaldande heile livet. Hjå 28-åringane var delen nesten 5 prosent. Blant 21-åringane var avhald forbunde med svake vennenettverk, einsemd og auka sjanse for ikkje å ha samleiedebutert. Ved 28 år rapporterte avhaldande i tillegg auka førekomst av symptom på angst og depresjon. Fleire fekk også trygd.

Eit viktig unntak er at dette ikkje gjeld dei som er avhalds av religiøse eller politiske årsaker. Deltakarane i studien var 15 år gamle elevar ved 67 norske skular som vart trekt ut slik at dei vart representative for norske skuleungdommar. Dei 2.000 ungdommane vart følgt med fire spørjeskjemaundersøkingar med spørsmål om alkoholvanar, angst, depresjon og seksuell åtferd over ein periode på 13 år, til dei nærma seg 30,

– Funna kan kanskje bidra til å kaste lys over den dokumenterte samanhengen mellom alkoholavhald og auka risiko for helseproblem, meiner Pedersen. 

LES OGSÅ: Alkoholforbruket når nye høgder

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE