Utan relevans-året

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Utan relevans-året

Godt nytt år, forresten. Og for eit år. Så vidt eg har fått med meg i løpet av dei første dagane, er det i år både Munch-år, språkår og stemmerettsjubileum. I tillegg til at kronprinsen fyller førti og at det er 250 år sidan Norges første avis kom ut, med det fantastiske namnet Norske Intelligenz-Seddeler.

Tradisjonen tru blir desse åra opna av ein statsråd, feira med urframføringar av verk som har uklar relevans til jubileet, og markert med endå ein runde med nynorskdiskusjon og endå fleire artiklar om at heile verden hyllar Munch men her heime kranglar vi stadig om dette museet.

Alt dette er vel og bra. Men framtida skal også ha sine år, som skal opnast av sine statsrådar og feirast med urframføringar og repetisjonar av gamle diskusjonar.

La oss gå eit par hundre år fram i tid. Her er mine tips til kva år som vil bli feira i Norge sånn cirka i perioden 2220-2290:

Stemmerettsjubileet.
Året markerer at allmenn stemmerett endelig blei innført då samtlige fjortenåringar etter lang tids kamp og mykje motstand fekk lov til å stemme ved både kommuneval, landsdelsval, EU-val og Stortingsval.

Statsråden som opnar året minner om at demokratiet ikkje er noko vi kan ta for gitt, at det ikkje er meir enn 150 år sidan stemmerett for ungdom var ein fjern draum, og at det også fanst ei tid, tidlig på 2000-talet, då samfunnet ikkje såg på ungdommen som sjølvstendig tenkande individ, men som teitingar som søv i Justin Bieber-sengetøy.

Vi må aldri gløyme, er hovudbodskapen i opningstalen til ungdomsminister Rachel Gomez Ali Heimstuggu frå Høgresosialdemokratane (HSD).

Nilsen-året.
Markerer at det er 250 år sidan året då Kurt Nilsen var med i samtlige program på TV2.

Medieminister Xi Kurt Svensson (Venstresosialdemokratane (VSD)) minner i opningstalen sin om at song og musikk ikkje er noko vi kan ta for gitt, og gjer grundig greie for kva Kurt Nilsen har hatt å seie for norsk kultur og tannstilling.

Årets store triumf er monologen «Hver gang du møter en hobbit», framført av den folkekjære skodespelaren Bjarte Lise Skagestad Hennie Maurstad på scener landet over gjennom heile jubileumsåret.

Året blir noko forstyrra av at politikarane framleis ikkje har klart å bestemme seg for om dei skal støtte planane om eit gitarforma Kurt Nilsen-museum med ein knekk på gitarhalsen.

Småpartiåret.
Markerer at det er 225 år sidan småpartia forsvann frå norsk politikk, og blei erstatta av HSD og VSD.

Ironisk nok blir året opna av statsråd for småsaker, Bjørg Ali Hustad-Gjedde frå Kristelig-Muslimsk-Buddhistisk Folkeparti (KMBF), som etter samanslåing og tung mobilisering klarte å få ein representant på Stortinget i siste val, og dermed blei dei første småpartiet på tinget sidan SVs tid. 

Men kanskje vil småpartias tid komme igjen, seier statsråden i opningstalen. Og blir naturligvis møtt med humring frå alle dei frammøtte på Scene 2 i Kurt Nilsen-huset.

Statsråden minner naturligvis også om at vi ikkje skal ta noko for gitt.

Helseåret.
Markerer at det er 100 år sidan folk slutta heilt å gjere usunne ting. Året blir opna på Det Nasjonale Sjukdomsmuseet (AHUS) av helseminister Yanus Geir Støre Stoltenberg (VSD). Helseministeren minner om at helse ikkje er noko vi kan ta for gitt, og at det ikkje er meir enn eit par hundre år sidan at den einaste mosjonen folk fekk var å sykle på ein sykkel som står stille i januar kvart år.

Årets store kultursatsing er urframføringa av eit bestillingsverk utan relevans for jubileet, der elevar ved dei norske kulturskulane i Beijing og Alicante nytolkar Susanne Sundfør og Karpe Diem på obo og blåsebelg. Ingen forstår kvifor.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!