Til hausten får ungdom i Noreg, Sverige og Danmark eit nytt vidaregåande utdanningstilbod. Då blir det for første gong oppretta eit nordisk gymnas.

NPK
NPK

Skulen, som har fått namnet Utsikten – Scandinavian School Of Civics And Tourism, ligg i Dals-Ed, er ein internatskule som ligg like ved svenskegrensa.

– No vil vi setja vyane ut i livet og skapa den første gymnasutdanninga i sitt slag. Ein skule som fokuserer på å riva ned språkbarrierane og skapa Scandinavian Citizens, seier rektor Jonas Mänsson til nettsidene til Foreningen Norden.

Han forklarar at eit viktig mål med den nye utdanninga er å styrkja dei skandinaviske språka blant unge menneske i dei tre nordiske landa. Elevane skal også få eit unikt innblikk i kulturen, skikkane, utdanningssystemet og arbeidsmarknaden i dei tre landa.

LES OGSÅ: Med jakt og fiske som pensum

Skulen har plass til 150 elevar. Tanken er at ein tredel av elevane skal koma frå Sverige, ein tredel frå Noreg og ein tredel frå Danmark.

Ved å studera, bu og leva saman i tre år håpar skulen at elevane får venner og kontaktar over heile Skandinavia. Målet er også at elvane får ein språkleg kompetanse som gjer at dei kan søkja vidare utdanning og arbeid i alle dei tre landa uavhengig av kva land dei kjem frå. (©NPK)

LES OGSÅ: Best på europeiske samarbeid

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41
ANNONSE