Oppvask

Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veslesøster (34) seier: Greitt. Men handverkaren må få ein makspris. Eg har ikkje meir enn (sladda/ anonymiset tal) kroner.

Storebror (41): HÆ? Kva om det blir meir enn (sladda/ anonymiset tal) kroner, meiner du verkeleg at handtverkaren sjølv skal betale det som kostar meir enn (sladda/ anonymiset tal)?

Førstereaksjonen til søstera: GISP om eg trur at handtverkaren jobbar gratis ANGST, HAN TRUR AT EG ER BRØD I HOVUDET.

Andrereaksjonen hennar: Eg må vere skarp, må overtyde han om at eg ikkje er brød i hovudet.

Storebror: Og du må skjønne at (sladda/ anonymiset tal) er meir enn berre vasken. Vi skal òg dele arbeidstimane for han og røyrleggaren.

Førstereaksjonen hennar: At eg MÅ skjønne det? Eg MÅ ikkje noko.

Andrereaksjonen: PROVOSERT, forvirra, og ute av stand til å hugse kva eg eigentleg vil.
 

Søstera grip etter eit ark. På toppen av arket står det Avtala.

Avtala seier: Bror & søster arvar hermed familiehytta. Dei eig ho 50/50, og har ein bruks – og vedlikehaldsavtale seg i mellom: Dei må dele på vedlikehaldskostnadar. Dei skal reparere det som reparerast må, byte øydelagde ting. Så langt kan dei krevje at den andre pungar ut. Dekking av det kan ein krevje av kvarandre. Men alt ekstra må ein sjølv stå for.
 

Og no må ein vasskadd oppvaskbenk bytast. Søstera har ein mindre sikker økonomi enn storebroen. Ho ønskjer den enklaste løysinga. Broren argumenterar for heilstøypt, finbetong, og å bytte oppvaskkum når ein likevel drar benken ut. Argumenta hans for vaskbyte er greie. Kanskje må dei likevel bytte vask igjen om eit tiår. Då må dei bryte opp benken for å få ut den gamle, inn med den nye. Og så vidare. Jau då, så bytter dei benk og vask, det går ho med på.

Broren: Forresten. Når vi først bytar oppvaskkum, då bytar vi sjølvsagt til det mest moderne.

Søstera: Sjølvsagt?

Broren: No kan ein velje mellom kummar i granitt eller porselen, stål eller stein. Kranene kan vere høge og gi plass til bollar. Eller avtakbare, med spylefunksjon. Om nokre år vil vi uansett ønskje å byte vasken eller kranen – for å få noko meir moderne. Vi sparar pengar i det lange laupet på å gå for det beste – no.

Søstera: No går vi ut over vedlikehaldsavtala.

Broren: Har du høyrt fråsegna spare seg til fant?

Førstereaksjonen hennar: Kva?! Sjølvsagt har eg høyrt den fråsegna. Trur han at eg er heilt brød i hovudet?

Andrereaksjonen: Eg må vere skarp i svaret. Eg må overtyde han om at eg ikkje er brød i hovudet.

Tredjereaksjon: Dette lyder kjent. Men skjønner eg lyden betre etter å ha vore nær det to gongar?

Første hypotese: Dette handlar om fysikalitet. Mannen er høg og fysisk overlegen. Det optiske påverkar setningane hans. Dei sett liksom form og farge til det han seier.

Andre hypotese: Dette er god gamal "bli snakka rundt". Det er litt som Jeppe Bjerget sa det i Erasmus Montanus: Fyll får ein til å sove. Soving er bra. Ergo er Fyll bra. Ein ekstra runde tar resonnementet når han snakkar om mor si: En sten kan ikke fly. Mor Nille kan heller ikke fly. Altså er mor Nille en sten.

Tredje hypotese: Dette handlar om alder. Mannen er noko eldre enn henne. Alder og røysterett er knytt. Men særleg etter 22/7 har ein snakka om å senke røysterettsalderen i Noreg til 16 år. Ifølgje ein sosiolog som heiter Hart, ville det å gi barn røysterett vere siste ledd i ein stigande demokratisk-emansipatorisk line frå å inkludere bønder, til arbeidarar, til kvinnene og no barna. (…) Faren er stor for at vaksne skal manipulere barn i staden for å gje dei reell påverknad (Hart 1992).

Rekk opp handa alle som veit kva "demokratisk-emansipatorisk line" betyr. Eg må leite meg fram til eit svar. På vandringa mi gjennom internett, kjem eg forbi Makt – og demokratiutgreiinga 1998-2003. Hoer ein rapport laga av staten. Slike utredningar har til mål å definere status i t.d. ytringsfridom i Noreg.
 

Kva makt ligg i språket sjølv, og kva betyr språkmakta for folkestyret?

Dette var noko av det utgreiinga skulle handle om. Men alle var ikkje samde i konklusjonane i utgreiinga. Ein av dei var professor Siri Meyer. Ho meinte at utgreiinga tok for lite omsyn til språkmakt. Men kva er dettemaktspråk? Det finn eg svar på i ei anna utgreiing om utgreiinga: Professor Tove Bull er rektor ved Universitetet i Tromsø, og er ein av fem som kommenterar Makt – og demokratiutgreiinga 1998-2003 i ei essaybok. Bull definerar maktspråk slik: Maktspråk blir gjerne definert som språket til makthavarane, og vidare den makta dei har til å definere andre, til å pålegge andre – dei makteslause – beslutningar, prosedyrar, handlingar, men også definisjonar, tankemåtar og – strukturar, som t.d. økonomimetaforane i utdanningssamanheng og agentifiseringa av ord som "marknaden" viser. Slik blir vel maktspråk og språkmakt to sider av same sak, jamvel om dei to omgrepa har noko ulikt innhald. Språkmakta kjem ofte, men ikkje alltid, til uttrykk gjennom maktspråk.

Rekk opp handa alle som veit kva "agentifiseringa av ord" betyr. Eg treng ikkje leite meg fram til eit svar. Alt anna i Bulls tekst er såpass forståeleg at agentifisering blir noko ein kan tenkjer seg fram til. Sjølv for einmeinigmann, som ein seier når det handlar om folk frå andre fagfelt. Ein borgar, rett og slett. Borgarrettar kan vere eit anna namn på demokratisk-emansipatorisk. Veslesøster er ikkje ekspert på sosiologi. Ikkje på vaskar heller. Storebror hennar er heller ikkje ekspert på vaskar. Men han kjenner seg så kul og overlegen, no, og køyrer på med språk, snakkar seg opp til ekspertstatus. Retorikk er eit mektig verktøy. Med å følgje språklogikken, kan ein gjere seg til ekspert på oppvask. Men økonomien til veslesøster kan det ikkje endre. Han legg føringar på kva ho kan og ikkje kan. Og sjølv om det kanskje er det minst effektive, det minst kloke i lengda, så verkar det inn på kva veslesøster røyster.
 

Tunga på vektskåla får fram desse orda: Eg stemmer mot dyr vask.

Storebror: Røysta di er heilt dust. Tru meg. Om du held på ditt, då er du kjip. Du manglar stil, sjarm og intelligens.

Veslesøster: Eg vil ikkje vere kjip, stygg, dum, gnien. Eg gir frå meg røysteretta.

Storebror: Du gir frå deg røysteretta di frivillig. Ok, eg er ikkje ein diktator.

Veslesøster: No legg du ord i munnen på meg.

Storebror: Oppriktig talt. Ikkje ver så sur, a!

Redaktør i eit feministtidsskrift, Charlotte Myrbråten: Ikkje ver så sur, a!Alt kan ikkje vere så forbanna sexy heile tida. Sjølv ikkje feminisme (…) Ikkje bare er det nok eit personleg angrep mot folk som frontar feministiske perspektiv, slike fråsegn er med på å eksludere folk frå debatten.

I eit velfungerande demokrati får veslesøster inkludere seg. Men har det vore ein lang dag med harde forhandlingar. Ho begynner å bli trøytt, no. Og den som skal inkludere seg, han må visst ha stemmestyrke og spisse olbogar.  Spisskompetanse på oppvaskar kan vere nyttig. Men viktigast kan det vere å kunne språk. Boka Hva folk sier og det de virkelig mener nemner ord veslesøster skal stoppe opp ved:
 

Sjølvsagt

Forresten

Oppriktig talt

For å vere ærleg

OK? eller Ikkje sant?

bare

Skal forsøke/ skal gjere mitt beste

Tru meg
 

Veslesøsters lynkurs i språkleg sjølvforsvar
Om storebror seinare seier "Eg skal forsøke/ skal gjere mitt beste", då kan ho tenkje: Han der er vant til å mislykkast! Eg må lage ei avtale med han om at han skal gjennomføre dette. Og kan han ikkje gjennomføre det, då må han ikkje ta det på seg.

"Ok" eller "ikkje sant" tvinger søstera til å seie seg einig med storebror. Det kan òg vise tvil rundt brorens evne til å motta og klart forstå det som blir diskutert.

Høyrer veslesøster "bare" må ho finne ut kvifor personen reduserar meininga av det ho seier. Er han usikker på seg sjølv? Eller prøver han å bedra? Prøver han å vri seg unna ansvar?


"For å vere ærleg" eller "oppriktig talt" er, ifølgje boka, av dei mest vanlege metaord som signaliserar at nokon prøver å halde sanninga skjult.

Bare ordet "Sjølvsagt" kan ifølgje boka ha tre meiningar: "Du må vere ein tosk som spør om det (som er så sjølvsagt)" (sarkastisk), "Eg er så godt informert at eg (sjølvsagt) veit alt om dette" (sjølvskrytande) og "Eg veit at veslesøster er intelligent nok til å kjenne til dette (som er sjølvsagt) men nemner det likevel (høfleg).
 

Broren: Ein bør bytte så mykje som muleg når ein først riv opp heile benken. Det lønner seg på lang sikt. Sjølvsagt.

Søstera: På kva måte er det sjølvsagt?

Broren: På kva måte? Åh, har veslesøster lese hersketeknikkbøker no? Hm?

Søstera: Kva vil eg kva meiner eg kven er eg kva skjer FORHANDLINGSBROT. Vi får komme attende til dette i morgon.

Broren: Du gir deg, med andre ord?

Søstera: Du er høg og trugande og dominerande og skremmer meg. Eg veit ikkje lenger kva eg vil og meiner og kva vi snakkar om. Eg er på jordet.
 

Reaksjonen hans: Kva?! Er eg høg og trugande og provoserande og dominerande?

Andrereaksjonen hans: Kva?! Er eg høg og trugande og provoserande og dominerande?

Tredjereaksjonen: Faderullan og oldemor i helvete!

Konsekvensen: Det kvernar i hovudet på han: Eg er høg og trugande og dominerande. Broren er uroa av dette, av å vere noko han ikkje vil vere. Broren vil ikkje vere høg og trugande. Broren prøver å gjere noko med det. Broren bøyer hovudet og lutar ryggen, knekk i knea, sett seg på huk.


Søsters førstetanke: Det er viktig å vise nokre kjensler utanpå. Ein kan bli meir tydeleg for den andre då.

Andretanken hennar: For framtida skal eg ikkje kommentere på det personlege. Det kan ein ofte gjere lite med. Samtala bør handle om praktiske og konkrete ting. 


Kven har såra kven? Kva seier Straffelovas Paragrafar 246, 247 og 249 om injuriesaker? Det er noko av det vi skal sjå nærmare på i denne føljetongen om språkmakt og maktspråk.