Unge vaksne med høg utdanning kan vere like økonomisk sårbare som jamaldra med lite utdanning, konstaterer forskarar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Forskarar frå Høgskolen i Oslo og Akershus har studert data frå eit nasjonalt register som inneheld alle nordmenn som var 18 år gamle i 1993, og teke for seg førstegongsmottakarar av sosialhjelp. Ikkje uventa fann dei ut at personar som kjem frå heimar med lågt utdanna foreldre, som heller ikkje tener godt, er mest utsett for å hamne på sosialhjelp, skriv Forskning.no.

Men forskarane fann også ut at kritiske livshendingar som å få eit barn, skilsmisse eller å miste jobben, har liknande konsekvensar for høgt utdanna unge vaksne.

LES OGSÅ: Seks av hundre unge går på sosialen

– Effekten går heilt motsett veg. Risikoen for å bli sosialhjelpsmottakar blir lågare for dei som kjem frå lågare sosiale lag, for eksempel når dei blir arbeidsledige eller får eit barn, seier forskar Thomas Lorentzen.

Årsaka er at unge vaksne frå arbeidarklasseheimar begynner å jobbe fleire år tidlegare enn dei som tek høgare utdanning. Difor er dei betre beskytta mot vanskelege økonomiske tider seinare i livet, sidan dei har tent pengar i staden for å ha opparbeidd seg studiegjeld. Ifølgje Lorentzen greier dei seg også betre dersom dei skulle miste jobben eller få barn, fordi arbeidserfaringa deira ofte gir dei full tilgang til arbeidsløysetrygd og svangerskapspermisjon.

LES OGSÅ: Løftar seg inn i arbeidslivet

Ifølgje forskarane fell mange unge vaksne som brukar fleire år i utdanningssystemet rett gjennom sikkerheitsnettet dersom dei ikkje får seg jobb etter studietida.

Fenomenet er likevel mellombels, fram til begge grupper er fullt etablert i arbeidsmarknaden. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE