Fasttelefonen fyrst borte i Modalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kuttar ut fasttelefonen

– Og me har funne ut at Modalen er ein grei stad å starta, seier Per Aril Meling, som er informasjonssjef i Telenor Noreg.

Greitt utgangspunkt
I Modalen er det berre eit trettitals fastelefonabonnentar tilbake, og fiberutbygginga til bustader og verksemder er gjennomførd.

– Dermed er det eit greitt utgangspunkt. Me har vore i forhandlingar med Modalen kommune sidan i sommar om dette, legg Meling til.

LES OGSÅ: SMS gjev sannferdige svar

Ein av to pilotar
Modalen – ein av to pilotar Modalen er ein av pilotane i prosjektet med å fjerna den tradisjonelle fasttelefonen, Lillehammer ein annan. I det sistnemnde området vil abonnentane koma over på såkalla ip-telefoni, og dermed vil Telenor vinna erfaring frå overgang til to ulike plattformer.

– I Modalen er det to ulike område som me vil sjå nærare på når det gjeld mobildekninga. Her vil det verta sett opp to nye basestasjonar, fortel Meling. Desse skal vera i drift i april/ mai, og 31. august skal alle abonnentane i Modalen vera borte frå det gamle fasttelefon-nettet til ei mobil løysing.

Koparnettet vil bestå
– Det er fasttelefonen som vert borte, ikkje koparnettet, presiserer Meling. – Der koparnettet er dårleg og har mange feil, kan det vera aktuelt å fjerna det. – Nokre stader ligg det faktisk blyleidningar heilt frå krigens dagar. Men der nettet er i god stand kan me ha det intakt også etter 2017, seier han.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!