Kjære klimadagbok

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalenderen viser snart nyttår, og eg er forsatt heime på ferie. Etter å ha inntatt ein heller betre frukost, ser eg plutseleg at det ligg ei avis framfor meg. Det er no over ei veke sidan sist eg las ei avis. Det er  fyrst litt uvant, men tek seg raskt opp.

På side åtte og ni i Bergens Tidende er tema menneskeskapte klimaendringar. Påstanden er at Noreg, som fiskerinasjon, tek gevinst av klimaendringane. Med varmare vatn dreg fisken nordover, undervannsregnskogane i vårt område veks og hava i sør som allereie er fattige på liv, vert endå fattigare. Ok, tenkjer eg, i det minste vil dei som orkar bry seg med verdas fattige forsett vere med på kampen om å snu dette skipet før det er for seint.

Eg les litt vidare, og no kjem det. Dei menneskeskapte klimaendringane er eit faktum, og i tillegg har me dei naturlege klimaendringane. Dei forsvinn ikkje, og eksisterer parallelt med dei menneskeskapte. Det kan føra til at det ikkje berre vert varmare, men mykje varmare hjå oss. Her er forskarane usikre, dei veit ikkje kva konsekvensar dette vil ha for våre økosystem. Det er ikkje særleg hyggeleg å lesa. Me veit ikkje korleis hava i nord vil sjå ut dei neste tiåra, men me veit at på lang sikt er det dei fattige som tapar på handlingsvegring hjå styremaktene i heile verda, inkludert her i Noreg. På radioen sender dei ein overflatisk diskusjon om kven som skal ha statsministerposten frå september av, på Facebook går diskusjonen rundt om me treng fornybar energi for å løysa klimaproblemet og på ei anna side i avisa har dei trekt fram endå eit kronidiotisk sitat frå energiministeren vår. Eg kjenner på meg at 2013 allereie er i gong, eit par dagar på forskot. Eg håpar det er fleire enn meg som i desse dagar les noko inspirerande, og tenkjer, at neste år er året dei vil vere med på å gjere ein forskjell. Godtruande som eg er, håpar eg på at 2013 vert året der me verkeleg set i gong. Me må snu dette tungt lasta skipet planeten vår etterkvart har vorte.

Eg er klar for å kjempa vidare for sosial rettferd og ein meir langsiktig politikk, eg må berre utav pysjamasen fyrst.