Ingen grunn til å la vera

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eksotisk og veldig smart

For eit par år sidan la 18-åringen om til halling på heiltid. Då gjorde han det så breitt han kunne, dei are for dei andre og lykkjel for nykel.

– Eg er den einaste på min alder som eg veit talar så breitt, og det er i det heile veldig få som held på dialekten. Før eg la om tala eg stort sett austlending, men det gav meg ingen identitet. Så det var ingen grunn til å la vera å tale dialekt, forklarar Tommy Haugen.  

Skil seg ut 
Før han la om på heiltid, tala Tommy dialekt til dei som tala dialekt til han. Slik var det ikkje den største utfordringa, men det innebar likevel fleire grep – eit lågare toneleie og tjukk l. Brok for bukse og pøse for pose.

– Å legge om var eit medvite val. Har ein rett innstilling når ein prøver, så går det seg til, seier Tommy. Han fekk ingen negative reaksjonar på valet. Som engasjert i ungdomsråd og leiar av Buskerud Ungdomsgruppe, vert det mange konferansar og møte med ungdom frå heile landet.  

– Eg føler folk ser på dialektbrukarar som poetiske og trivelige tvers igjennom. Med å bruke dialekt skil ein seg litt ut.

LES OGSÅ: Eit forsvar for knotarane

Heimespråk
Sjølv om Tommy også hadde dialekt då han var yngre, forsvann den gjennom tida i barnehage og skule, med utanbygds vaksenpersonar. Orda sklei vekk.

– Eg trur mange på min alder vel bort dialekt, fordi dei føler at dei ikkje gjer seg forstått. Samstundes er det ein del som nyttar dialekt på heimebane, men ikkje på skulen eller med jamaldringar, seier Tommy.

LES OGSÅ: Danske dialekter døyr av låg status

Han trur òg hallingdialekta kan vera vanskeleg å halde på, samanlikna med dialektane i på Vestlandet eller Sørlandet. Også tidligare professor i nordisk Kjell Venås, peikte på hallingmålet som eit talemål under press i ein artikkel i Store norske leksikon, mellom anna på grunn av nærleiken til Oslo og turismen i regionen.

– Ein høyrer mest aldri hallingdialekt i riksmedia, det trur eg og gjer den vanskelegare å bruke, legg Tommy til.

Meir bruk
Tommy trur nykelen til å ta vare på talemålet ligg i barnehage og skule, og at halling må verte eit bruksmål på nett desse arenaene.

– Me som unge må gjere oss sjølve medvitne på at halling er ei dialekt me bør ta vare på. Viss med klarar å bruke dialekten, så kan me klare å ta vare på den, seier Tommy.  

LES OGSÅ: "Øskja, hva er det'a?"

Gylden sjanse
Tommy følte han hadde tala bokmål lenge nok, og har ikkje angra på at han la om. Å ta steget er og noko han oppfordrar andre ungdommar til.

– Dialektar er som gamle hus, det skal vera litt særpreg. Folk med dialekt har ein gylden sjanse til å ta vare på den. Du vert ikkje sett på som ein bygdetulling, men som eksotisk og veldig smart, avsluttar han.