Staten har stadig ein lang veg å gå før krava i mållova er oppfylte.

NPK
NPK
Faktaboks

Språkrådet oppsummerer stoda slik:
* Sjølv om det er positive tendensar, er framgangen totalt sett liten.
* Somme rettar seg etter tilbakemeldingane dei får frå Språkrådet, andre har liten framgang.
* Nye nettstader blir nesten alltid utvikla og lansert med bokmål som einemålform, nynorskutgåva kjem først fleire år seinare.

LES FAKTALUKK FAKTA

Tala for 2011 viser at det framleis er for få tekstar på nynorsk, og at mange statsorgan bryt lovkravet om at dei skal ha minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk på nettsider og i andre tekstar til publikum.

Nedgang på nettet
I 2011 målte Språkrådet den gjennomsnittlege nynorskprosenten på statlege nettsider til berre 11,8 prosent, mot 12,7 prosent i 2010 og 13,1 prosent i 2009.

Litt betre var situasjonen for tekstar på papir. Der var det i gjennomsnitt 15,7 prosent nynorsk i tekstane i fjor. Men statsorgana bruker oftare nynorsk i korte tekstar på papir enn lengre.

LES OGSÅ: – Alvorleg med ulovleg statskvitring

Språkrådet fann at 46 statsorgan oppfylte lovkravet for korte tekstar på papir, mens 41 statsorgan kom over 25-prosentsgrensa på lengre papirtekstar i fjor.

– Leiarane må ta tak
– Sjølv om vi ser at ein del statsorgan gjer ein innsats for å nå måla, skriv staten rett og slett for lite nynorsk. Leiarane i staten må ta i eit tak for å få ei jamnare fordeling mellom målformene, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

Og framleis finst berre 65 prosent av alle statlege skjema i begge målformer. Det er ein god auke på 9 prosentpoeng frå 2010, men framleis er 915 av i alt 2.652 skjema berre på den eine målforma. Lovkravet er at alle skjemaa skal ha versjonar på både nynorsk og bokmål.

– Ein del undersøkingar viser at berre éin av tre statstilsette meiner at dei meistrar begge målformene godt nok. Men når det går år etter år utan at skjemaa kjem i både bokmåls- og nynorskutgåve, handlar det òg om at mållova blir neglisjert, seier språkdirektøren.

Dei siste åra har talet på klager på mållovsbrot i staten auka mykje, og det gjorde det også i 2011. I alt vart det registrert 164 klager, mot 121 året før. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE