– Statsetatar treng ikkje liggja i byane

Statsverksemdene i distrikta får tak i den fagkompetansen dei treng, viser ei ny utgreiing.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Treng ikkje liggja i byane

Statlege verksemder som flyttar ut av Oslo eller blir nyetablerte i distrikta, har etter den første fasen små vanskar med å finne arbeidskrafta dei har behov for, viser utgreiinga, som Asplan Viak har gjort for Kommunal- og regionaldepartementet.

Utgreiinga tar for seg rekrutteringa av arbeidskraft til 15 ulike statlege verksemder med nasjonale oppgåver i ulike byregionar og mindre stader i Distrikts-Noreg.

– Vi møter ofte argument om at verksemder som krev topp kompetanse berre kan liggje i dei større byane. Grunngivinga for dette er som regel at dei treng ein stor arbeidsmarknad å hente arbeidskraft frå. Denne undersøkinga viser at dette ikkje stemmer, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

LES OGSÅ: – Sjokkert over kreativitetsmåling

Sjølv om verksemdene i dei mindre arbeidsmarknadene ofte har ein yngre stab og meir utskifting, har dei god tilgang på kompetente folk lokalt, viser utgreiinga.

– Så mykje som to tredelar av kompetansen blir rekruttert frå regionen. Det gjeld uansett type region dei er plasserte i og uansett kva type oppgåver dei har. Det fortel at vi truleg har større handlingsrom i lokaliseringssaker enn mange kanskje trur, seier Navarsete.

Faktaboks

Dei undersøkte verksemdene:
* Konkurransetilsynet, Bergen
* Sjøfartsdirektoratet, Haugesund
* Luftfartstilsynet, Bodø
* Direktoratet for forvalting og IKT (Difi), Leikanger
* Post- og teletilsynet, Lillesand
* Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Tønsberg
* Kartverket, Odda/ Ullensvang
* Brønnøysundregistra, Brønnøy
* Medietilsynet, Sarpsborg/ Fredrikstad
* Kystverket, Ålesund
* Lotteritilsynet, Førde
* Kontoret for valdsoffererstatning, Vardø
* Polarinstituttet, Tromsø
* Direktoratet for byggkvalitet, Gjøvik
* Distriktssenteret, Steinkjer og Alstadhaug
* Distriktssenteret, Sogndal.