– Sjokkert over kreativitetsmåling

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit hån mot distrikta

Måndag la Abelia – NHO sin organisasjon for kunnskaps- og teknologibedrifter fram ein rapport om fordelinga av kreativitet i Noreg frå den spanske forskaren Irene Tinagli. Rapporten baserer seg på teoriane til den amerikanske professoren Richard Florida om den kreative klassen, og måler blant anna talet på høgt utdanna, kunstnarar, frie yrke, etnisk mangfald og set dette i samband med kor kreativ ein kommune er (sjå faktaboks). Bærum toppar lista over kreative kommunar, med Oslo og Asker på plassane bak.

LES SAKA: Her er dei mest kreative

– Eit hån mot distrikta
– Eg er rimeleg sjokkert over at Abelia så lett kjøper denne samanblandinga av hummar og kanari som Florida sitt perspektiv opnar opp for, seier Dag Jørund Lønning til Framtida.no. Han er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, og har tidlegare vore forskingsleiar på Telemarksforskning i fleire år.

Han kallar rapporten til Abelia for eit hån mot distrikta og all verdiskapinga som skjer der. Etter å ha lese rapporten ramsar han opp desse innvendingane:

• Definisjonen ein bruker på kreativitet heng ikkje på greip sett i forhold til forskingsfronten på feltet.
• Det er ingenting som tilseier at høgare utdanna er meir kreative enn andre.
• Kreativitet har ingenting med spesielle yrke å gjera.
• Rapporten slår inn vidopne dører ved å påpeika at byar er betre på å vera byar enn ikkje-byar, eller at høgteknologi-bedrifter er meir høgteknologi-bedrifter enn ikkje-høgteknologibedrifter.
• Rapporten seier ingenting om kvar verdiskaping skjer, eller kva verdiskaping er.

LES OGSÅ: Her er Noregs mest attraktive stad

– Distrikta meir kreative
Utifrå ein meir fagleg definisjon på kva kreativitet er, kunne ein lett leggja fram ein motrapport som viser at utkantstrok faktisk er dei mest kreative, meiner Dag Jørund Lønning.

– Kreativitet handlar om evna ein har gjennom mot og erfaring til å leggja byggjeklossar saman på nye måtar. I utkantstroka, der ein ikkje har den same infrastrukturen, er ein i større grad avhengig av kreativitet, påpeikar han.

Lønning legg til at teoriane til Florida er utvikla i ein spesiell kontekst, fjernt frå Noreg.

– I Noreg har me vald å ta heile landet i bruk, med ein aktiv distriktspolitikk. Me har vald annleis, og per i dag er me verdas beste land å bu i. Me bruker ressursane me har på staden, og slik er me ganske kreative her til lands.

LES OGSÅ: Kreativ tenking utan avgrensingar

Verdiskaping
Viktige verdiskapingsregionar som Søre Sunnmøre og Sunnhordland er langt nede på lista til Abelia. I ein rapport frå tidlegare i år, toppa desse regionane lista over regionar med størst eksportinntekter.

Dag Jørund Lønning meiner at verdiskaping og næringsutvikling er mykje betre indikasjonar på kreativitet.

– Undersøkingane som Telemarksforskning utfører kvart år, gjev mykje betre indikasjonar på kreativitet, seier han.

I Nyskapingsbarometeret som blei lagt fram av Telemarksforskning i fjor, toppa kommunane sør og vest for Bergen lista. Nord-Trøndelag var landets nest mest innovative fylke.

Faktaboks

Undersøkinga ”Norway in the Creative Age” er laga av Irene Tinagli på oppdrag for Abelia og Vegvesenet.

Rapporten baserer seg på fleire tal. Kor kreativ ein kommune blir sett på avheng av talent, teknologi og toleranse, og ein kreativitetsindeks som kombinerer desse:
• Talent er sett saman av kor mange som har bachelorgrad, mastergrad og doktorgrad og kor mange som arbeider innanfor kreative yrke.
• Teknologi er sett saman av delen av arbeidsstyrken som arbeider i høgteknologibedrifter og kor mange patent som er registert.
• Toleranse er sett saman av etnisk mangfald og kor stor del av befolkninga som arbeider som kunstnarar.

Kreativitetsindeksen fordelt per innbyggjar:
1. Sola
2. Horten
3. Nøtterøy
4. Ullensaker
5. Nittedal
6. Time
7. Notodden
8. Askøy
9. Sørum
10. Malvik
11. Ski
12. Lier
13. Lillehammer
14. Frogn
15. Moss
16. Nannestad
17. Oppegård
18. Kongsberg
19. Stord
20. Harstad