Dei travlaste trenar mest. Idrettsforskar ønskjer meir tilrettelegging for utandørs aktivitet.

NPK-NTB/Framtida.no
NPK-NTB/Framtida.no

Dei som har høgst utdanning, flest ressursar og er mest aktive både i arbeidslivet og i frivillig arbeid er også dei som er mest fysisk aktive. Det viser ein ny rapport.

Rapporten frå Noregs idrettshøgskole (NIH) er basert på ei utgreiing frå Helsedirektoratet om korleis ein kan auka sosial utjamning og fysisk aktivitet i befolkninga, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Vil ha idrettsminister og idrettskort

– Dei med høgst utdanning og mest ressursar stikk frå. Dei som meistrar levesettet til det moderne samfunnet betre, finn også tid til trening, seier professor Gunnar Breivik ved NIH.

Rapporten viser at dei både er meir aktive i både tradisjonelle idrettar og i kommersielle treningsformer, og at dei også er meir involvert i frivillig arbeid.

Fell ein utanfor på eitt område, er det større sjanse for at det også gjeld andre område. Dei som slit i arbeidslivet er til dømes mindre fysisk aktive, og får dårlegare helse som følgje av dette.

LES OGSÅ: Du må opp i puls

Professor Breivik meiner at kroppen ikkje er trent for det moderne samfunnet og at vi ikkje lenger får fysisk aktivitet automatisk, men at vi sjølve må ta ansvar for å byggja inn dette i livsstilen vår.

– Men treningssentra er ikkje for alle. Mange føretrekkjer natur og frisk luft. Difor treng vi fleire stigar, vegar, lysløyper og meir tilgjengeleg utmark slik at vi legg til rette for fysisk aktivitet på ein enkel måte, seier professoren. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE