Opplevingsbasert reiseliv vert stadig viktigare i Hardanger, Voss og Flåm. Her vil òg Bergensbanen spela ei nøkkelrolle.

Frode Myhra Gjerald, Avisa Hordaland
Frode Myhra Gjerald, Avisa Hordaland

Reiselivsbedrifter frå Hardanger, Voss og Flåm er no samla for å dra i gang arbeidet med å posisjonera seg innan det som vert kalla opplevingsbasert reiseliv, med utgangspunkt i naturkvalitetane i vår region.

– Bergensbana er viktig for dette arbeidet, og dette bedriftsnettverket støtter «Ja til Bergensbanen 4 timer», skriv dagleg leiar Anne Grethe Bakke i Destinasjon Voss AS i ei pressemelding.

Aksjonen «Ja til Bergensbanen 4 timer» har som mål å få til eit krafttak for å oppgradera og vedlikehalda banestrekninga mellom dei to største byane i landet.

– Dette er heilt naudsynt, både av omsyn til reiseliv og anna næringsliv, miljø og samfunnsutvikling. Vedtak er fatta, no er tida overmoden for handling, skriv Destinasjon Voss AS i pressemeldinga.

På samlinga deltek Aurland Ressursutvikling, Voss Fjellandsby Myrkdalen, Voss Resort, Voss Rafting Senter, Voss Fallskjermklubb, Opplev Odda, Røldal skisenter, Brakanes Group, Reisemål Hardangerfjord, Destinasjon Voss, Fjord Norge og NCEtourism.

Pål Berrefjord frå aksjonen «Ja til Bergensbanen 4 timer» var invitert til opninga, saman med Hans Erik Ringkjøb, ordførar i Voss kommune.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE