Er du under 34 år, har skattbar inntekt og sparer på ein BSU-konto?

Sogn Avis
Sogn Avis

 

Då må du ikkje gløyma å fylla opp BSU-kontoen før nyttår.

Få skatterabatt
Fyller du opp BSU-kvoten på 20.000 kroner vil dette gje deg 4000 kroner i skatterabatt på årets sjølvmelding. I praksis vil altså dette sei at skattebetalarane som sparer i BSU får igjen éi krone på skatten for kvar femte dei setter inn.

– Å spara til bustad er viktig. Sidan staten auka eigenkapitalkravet ved bustadkjøp til 15 % av kjøpesummen i fjor, har utfordringa med å kjøpa eigen bustad for spesielt unge gått frå vondt til verre. Men unge har gjerne dårlegare føresetnader for å spare høge beløp. Difor har eg ein god julegåveidé: ønsk deg eller gje bort pengar som er øyremerkt til bustadformål, seier regionbanksjef for privatmarknaden Atle Stalheim i Sparebanken Vest

Totalt kan ein spare 150.000 kroner gjennom BSU-ordninga. Det gjer 30.000 kroner i spart skatt gjennom heile spareperioden. For å få full effekt av skattefrådraget må du ha tent minst 55.600 kroner i 2012.

Les meir om privatøkonomi her!

Andre tips for å spara skatt
Stalheim nemner også eit par andre grep ein kan gjere for å spara skatt før nyttår:

– Blant anna får ein frådrag på gåver til frivillige organisasjonar for beløp opp til 12.000 kroner i året. Gåva må utgjera til saman 500 kroner. På skatteetaten si internettside finn ein ei liste over kva organisasjonar som dette omfattar. På same måte kan medlemmer av fagforeiningar få frådrag på skatten på inntil kroner 3.660 for betalt fagforeiningskontingent, seier Stalheim.

Vidare har ein òg krav på frådrag for tap ved sal av aksjar.

– Realisasjon av tap medfører at ein kan få fråtrekk på 28 % av tapet på skatten. Men det må vera eit reelt sal, som vil seia at ein ikkje kan selja og kjøpa same aksjar eller fond for nært i tid, seier Stalheim.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE