Vil male Oljefondet grønt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik det er i dag, er oljefondets avkasting avhengig av ein god marknad for olje, kol og gass. Omlag 250 milliardar av oljekronene er investert i selskap som driv med ikkje-fornybar energi. Det vil KrfU snu opp ned på, når dei no foreslår å endre heilt på investeringsmodellen – i ei grønare retning.

Målet er at Oljefondet berre skal investere i fornybar energi, slik at det skal bli vanskelegare å tene pengar på ein mislukka klimapolitikk.

– Når Oljefondet investerer stort i fornybar energi er våre felles pensjonar avhengige av at klimapolitikken mislukkast. Måla om reduksjon i CO2-utsleppa må nødvendigvis gå på bekostning av fossil-industrien. Med ein slik investeringsstrategi må enten klimapolitikken globalt mislukkast, eller så vert avkastninga på Oljefondet elendig. Vi ønsker ingen av delane, og vil derfor flytte 200 av desse milliardane over på fornybar energi, seier 1. nestleiar i KrFU, Emil André Erstad, i ei pressemelding.

– Ikkje berre rir norske politikarar på to hestar, men vi har òg sett pengane på den hesten alle håpar at ikkje vinn, seier Erstad.

Les også: Ungdomsorganisasjonar meiner utfallet av klimaforhandlingane sviktar både klimaet og utviklingslanda

KrFU først av partia
Utspelet om Oljefondet sin investeringsmodell samsvarar med det leiaren i miljøstiftinga Zero, Marius Holm sa i førre månad, då han sette søkelys på korleis vi forvaltar den felles formuen vår.

Holm viste til at verda treng rekordhøge investeringar i infrastruktur til fornybar energi: 

– La oss selje investeringane i fossile energiaksjar og investere i det vi trur på, i dei løysingane som skal hjelpe oss å hindre global oppvarming, sa han.

I ettertid har det likevel vore stille frå dei politiske partia. No går KrFU som første partiorganisasjon inn for å støtte Zero sitt forslag.

Les også: Redda Kyoto-avtalen på overtid

– Vil føre til at investeringane mistar verdi
I KrFU er dei tydelege på at ein må takle dei tapa ei slik omlegging av investeringsmodellen vil medføre.

– Vi trur verkeleg på ei løysing på klimaproblema i verda. Ved at Oljefondet endrar sine investeringar frå fossilt til fornybart kan norske politikarar gripe moglegheiten og ta det ansvaret eit slikt fond gir oss. Framtida er fornybar og no kan vi forplikte oss til den, seier Erstad.

– KrFU trur på at ei global løysing på klimaproblema innebærer kraftige kutt i CO2-utsleppa, og at ein på verdsbasis vil prøve å nå måla om halverte CO2-utslepp innan 2030. KrFU meiner Oljefondet må basere sine investeringsbeslutningar på at slike kraftige kutt vil bli gjennomført, heiter det mellom anna i uttalen frå ungdomspartiet.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!