Skal ein møte framtidas mat- og landbruksutfordringar, må ein børste støv av historisk viktige planter som har gått i gløymeboka. 

Ein går ut frå at menneska har dyrka og ete omlag 7000 ulike planter opp gjennom historia. Men berre ein brøkdel av desse er framleis i bruk: Flesteparten i verda livnærer seg no i hovudsak av anten mais, ris, kveite eller poteter, noko som har hatt negative verknader for både mattradisjonar, økosystem og folk si helse, i følgje FN.

Les også: Kraftig nedgang i jordbruksareal

Tilbake til røtene
I lys av denne homogeniserande globaliseringstrenden, og med ei framtidig fordelings- og matkrise i mente, går difor FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO no ut og åtvarar. Løysinga kan ligge historia, meiner dei:

– Vi må ikkje miste av syne dei gamle røtene til jordbruk og matlaging, og heller ikkje kunnskapen og visdomen til forfedrene våre, sa Graziano da Silva, direktør i FAO.

Les også: Jakta på matjord i fattige land har fått enormt omfang.

«Superplante» er løysinga
Direktøren i FNs mat- og landbruksorganisasjon meiner plantene som har gått i gløymeboka speler ei viktig rolle i kampen mot svolt og i utviklinga av landbruk.

Ei av plantene som vert brukt som døme på slike planter, er Quinoa. «Superplanta» frå Andesfjella er kjend som veldig næringsrik og tilpassingsdyktig, og da Silva meiner den har eit potensial til å sikre framtidas globale matsituasjon:

– Quinoa er den einaste kornet som inneheld alle aminosyrene som kroppen treng. I tillegg er det mogleg å dyrke den over alt, alt frå nede ved sjøen eller oppe i Andesfjella, seier Da Silva.

2013 er tilfeldigvis det store Quinoa-året, så då ligg mykje til rette for ein Quinoa-renessanse.

Les også: Noreg er meir sjølvforsynt med mat

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE