Over 4300 ungdomar har talt: Det er Victoria's Secret som i 2012 var best på å få ungdom til å føle seg verst.

mm

I overkant av 1400 ungdomar røysta på undertøysgiganten, noko som gav dei flest stemmer – med god margin. Victoria’s Secret var nominert for kampanjen A body for every body.

– Namnet på kampanjen blir nesten ironisk når Victoria’s Secret berre nytter syltynne supermodellar til å fronta han. Eg skjønar godt at ungdom lèt seg provosera av dette, seier leiar i PRESS, Andrea Sjøvoll.

– Grunngjevingane me har fått frå ungdomane som har røysta på Victoria’s Secret er at modellane dei nyttar får meir merksemd enn kleda, og at idoliseringa av tynne suparmodellar skapar utryggleik og dårleg sjølvtillit hos jenter, held Sjøvoll fram.

– PRESS meiner òg at Victoria’s Secret er med på å gje unge gutar eit feil inntrykk av korleis ein kvinnekropp skal sjå ut. I tillegg til at dei er med på å gjera nålauga for kvinner sine skjønnheitsideal endå trongare enn det er frå før, seier Sjøvoll.

LES OGSÅ: Stadig yngre born opplever press

Barneministeren bekymra
Ikkje berre ungdom reagerer på dagens skjønnheitspress. Det gjer òg barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

– Forsking viser at mange unge er misnøgd med seg sjølv. Halvparten av alle jenter føler seg for tjukke, sjølv om dei objektivt sett ikkje er det. Stadig fleire gutar er òg misnøgt med eigen kropp, seier Thorkildsen før ho held fram:

– Ei av årsakene er skjønnheitsideala i reklamen me møter i alle typar medium. Det er svært uheldig at det gjennom reklame blir skapt kroppsideal som gjer at mange born og unge får eit usunt tilhøve til kroppen sin.

– Med Årets Gullbarbie skaper PRESS humoristisk merksemd rundt eit viktig tema. Me har kome eit langt stykke på veg viss unge jenter ler av uekte damer med trutmunn i staden for å freista å bli som dei, seier Thorkildsen.

LES OGSÅ: – Det er ikkje klede som skaper folk

Lagar twitterstorm
Sidan Victoria’s Secret ikkje har kontor i Noreg, vil Gullbarbien bli sendt til USA med klar melding om at dei er best på å få norsk ungdom til å føla seg verst.

– I tillegg til å senda dei diplom og sjølve Gullbarbien, startar me opp ein kampanje på torsdag mot Victoria’s Secrets twitterkonto. Med tweets frå medlemmane våre skal me få fram bodskapen endå meir tydeleg, seier Andrea Sjøvoll.

Dette var Noregs verste reklame i 2011

– Dropp TV-sendingane!
PRESS kjem òg med ei oppfordring til norske tv-kanalar.

– Me oppfordrar norske tv-kanalar til å ta signalet frå norske ungdomar og ikkje senda årets moteshow. Vis at de tek ansvar for kva for signal som blir til sendt unge gutar og jenter i Noreg, seier Sjøvoll.

Kva meiner du skjønnheitspresset? Bør retusjerte modellbilde merkast slik fleire krev?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE