Med jakt og fiske som pensum

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Hamarøy startar det då eit nasjonalt prøveprosjekt med friluftsfag som eiga linje i vidaregåande opplæring, på same måten som idrettslinjene, musikk og drama og liknande studietilbod, fortel nettsida til Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Elevane kan velja mellom to såkalla programfag: Aktiv, som mellom anna omfattar padling, skikøyring og klatring, eller ressurs, som konsentrerer seg om jakt, fiske og hausting.

– Friluftslivsfag er eit tilbod primært for ungdom i Nordland fylkeskommune, men det kan vera aktuelt å ta inn elever fra andre delar av landet viss det blir ledig plass. Me har foreløpig ikkje fått godkjenning som landsdekkjande tilbod til trass i at dette er heilt unikt og at den læreplanen me skal prøva ut er nasjonal læreplan, fortel rektor Sigurd M. Winther ved Knut Hamsun videregående skole til Framtida.no.

LES OGSÅ: Ber ungdom dra til sjøs

Etter ein prøveperiode på fem år skal Utdanningsdirektoratet ta stilling til om tilbodet skal førast vidare. Dersom svaret blir ja, kan det føra til at det dukkar opp liknande tilbod i heile landet.

– Inntaket vil vera basert på karakternivå og vera underlagt dei same reglar som øvrige utdanningstilbod i vidaregående skule. Me vil ikkje ha nokon form for opptaksprøve, men satser på at desse elevane har ein genuin interesse for friluftsliv og natur, seier Winther.