– Som europear kjenner eg meg flau

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU-fartøy har sidan 2006 tråla farvatnet utanfor okkuperte Vest-Sahara under ein fiskeriavtale med Marokko. Desse farvatna er kjent som eit av dei rikaste fiskeområda i verda.

EU har tidlegare hevda at avtalen med Marokko er lovleg, med tilvising til ein uttale til Tryggleiksrådet i FN frå 2002 frå den tidlegare FN-rådgjevaren for juridiske saker, Hans Corell. Men i eit føredrag i Sør-Afrika sist veke, kritiserer Corell tydeleg det han ser på som EU si mistolking av rådet hans.

Han meiner det er klart at ein avtale som ikkje skil mellom området utanfor kysten av Marokko og kysten av Vest-Sahara er i strid med internasjonal lov.

– Som ein europear kjenner eg meg flau, sa Corell på eit føredrag i regi av universitetet i Pretoria og det sørafrikanske utanriksdepartementetet.

LES OGSÅ: Vest-Sahara ut av skuggen

– Stopp fisket
Western Sahara Resource Watch har lenge prøvd å få Vest-Sahara spesielt unntatt frå avtalen mellom EU og Marokko. Dei helsar uttalen til Hans Corell velkomen.

– Det viser at tolkinga vår av folkeretten i denne saka har vore rett heile tida. Dei grunnleggjande brota på lov og etikk som EU er engasjert i, må no utbetrast umiddelbart, seier Cate Lewis, internasjonal koordinator for organisasjonen.

– Dette kan berre gjerast ved å utelukka farvatna til Vest-Sahara frå avtalen, seier ho i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Til Vest-Sahara for å lære

Oljegigant kan bli kasta ut av Oljefondet
Den norske regjeringa har i fleire år fråråda all økonomisk samhandling med Vest-Sahara, og har dessutan slutta seg til vurderinga til FN om at marokkanske undersøkingar og utvinning på sokkelen utanfor Vest-Sahara sannsynlegvis er i strid med folkeretten.

I Aftenposten laurdag tok mellom anna Eskil Pedersen eit oppgjer med oljefondet sine investeringar i oljegiganten Total. Selskapet ynskjer å byrje leting etter olje i det okkuperte området. Leitinga har grunnlaget sitt i ein avtale mellom Total og det marokkanske statseigde selskapet ONHYM.

Vest-Sahara har vore under marokkansk okkupasjon sidan 1975.

– Det er ingen tvil om at det er ein okkupasjon av Vest-Sahara frå marokkansk side. Her er ein med på å finansiera ein okkupasjon og det kan ikkje Noreg vera bekjent av, seier Pedersen til avisa.

LES OGSå: Fattige fiskarar fryktar norsk laks

I november blei representantar frå AUF og Senterungdommen kasta ut av Vest-Sahara av marokkansk politi.

Onsdag denne veka vedtok den svenske riksdagen å anerkjenna Vest-Sahara som eigen stat.

Faktaboks

KONFLIKTEN OM VEST-SAHARA
• Vest-Sahara ligg på nordvestkysten av Afrika og har vore okkupert av Marokko i 35 år.
• Folk frå Vest-Sahara vert kalla saharawiar.
• I 1975 fastslo Den internasjonale domstolen i Haag at området har rett til sjølvstyre.
• FN har fordømt Marokko sin okkupasjon.
• Saharawiane ventar på folkeavstemning om området skal frigjerast frå Marokko. Avstemninga blei vedteke i 1991, men er enno ikkje gjennomført.
• Marokko har erklært at dei ikkje vil godta andre resultat av ei folkeavstemning enn marokkansk kontroll over Vest-Sahara.
• Vest-Sahara er eit område rikt på naturressursar.

Les meir på Wikipedia!