Vest-Sahara ut av skuggen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Søndag 15. april arrangerte alle ungdomspartia i Bergen, i samarbeid med FN-studentane, ein konferanse på Universitetet i Bergen (UiB). Emnet var Vest-Sahara. Målet var å auke engasjementet blant unge.

Kristoffer Samdal frå Unge Høgre (UH), Inish Næss frå Sosialistisk Ungdom (SU) og Christiane Gjerde frå Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) meiner at viktigheita av auka fokus på konflikten om Vest-Sahara er årsaka til det uvanlege samarbeidet mellom ungdomspartia.

– Dette er ei sak som absolutt burde engasjere mange. Det handlar om etiske spørsmål som ein ikkje berre kan svare på med politikk, men òg med kjensler, seier Næss.

– Det er eit spørsmål som går utover dei vanlege skiljelinjene i politikken då det handlar om folkerett og sjølvstyre, legg Samdal til.

– Ikkje berre ørken
– Konflikten i Vest-Sahara er ein gløymd konflikt som mange unge manglar kunnskap om. Vi ynskjer fokus på at Vest-Sahara er den siste kolonien i verda, og at det er eit stort problem, seier Samdal.

Ungdomspolitikarane meiner Vest-Sahara har kome i skuggen samanlikna med konflikten mellom Palestina og Israel. Gjerde innrømmer at ho sjølv ikkje var klar over at Vest-Sahara var eit land før no nyleg.

– Mange trur det berre er ørken, skyt Næss inn.

Under konferansen tala blant anna den saharawiske menneskerettsaktivisten Sultana Khaya om sine erfaringar med brutale overgrep frå marokkanske myndigheiter.

– Khaya si historie er svært gripande og sjokkerande. Det ho har vore utsett for er hårreisande. Vi ynskjer gjennom konferansen å gjere fleire bevisste på overgrep som blir gjort mot saharawiar, seier Samdal.

Overraskande gjest
Under konferansen dukka Yassin Arakia frå organisasjonen Marokkanere i Norge (MiN) opp. Han avviser at Marokko er ei okkupantmakt og meiner Vest-Sahara berre bør ha delvis sjølvstyre under marokkansk suverenitet.

– Vi har forståing for at han ville ytre sine meiningar sjølv om vi ikkje er einige med han, seier Gjerde.

– Om vi var klar over at denne organisasjonen eksisterte ville vi sjølvsagt invitert dei også. Vi er opptekne av å leggje fram saka på ein informativ og balansert måte, seier Samdal.

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!

Alt i alt er ungdomspolitikarane nøgde med arrangementet og samarbeidet. Dei utelukkar ikkje fleire samarbeid i framtida.

– Oppmøtet kunne vore betre, men vi er tilfreds med konferansen, seier Gjerde.

– Vi har jobba hardt og fått kunnskap om kva vi kan gjere annleis om vi skal arbeida saman seinare, seier Næss.

Utsett for overgrep
Sultana Khaya frå Vest-Sahara har sidan 2005 vore aktiv i kampen for frigjering av landet frå marokkansk styre og for å få slutt på at saharawiar vert utsette for overgrep frå marokkanske styresmakter.

Khaya fortel at ho i 2007 var del av ein fredeleg demonstrasjon ved Universitetet i Marrakech i Marokko. Det resulterte i at ho saman med fleire saharawiske studentar vart arrestert, og blei offer for brutal vald.

– Eg vart slått og sparka over heile kroppen og slått så kraftig i auget at det sprakk. Vidare vart eg torturert også i ambulansen og på politistasjonen. Eg fekk inga medisinsk behandling på sjukehuset, og er no blind på eine auget, fortel Khaya.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Den unge menneskerettsaktivisten fortel at dei grufulle overgrepa ikkje har stoppa motivasjonen til å halde fram med å kjempe.

– Mi historie er ingenting samanlikna med den samla historia til saharawiane. Det viktigaste for meg er at alle skal ha ein trygg heim, og for det er det verdt å gje sjela mi, seier Khaya.

Khaya meiner det er viktig at norske studentar engasjerer seg.

– Det viktigaste er å auke bevisstheita rundt det som skjer, og auke presset på den norske regjeringa til å arbeide for at menneskerettane vert akseptert, seier ho.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

KONFLIKTEN OM VEST-SAHARA
• Vest-Sahara ligg på nordvestkysten av Afrika og har vore okkupert av Marokko i 35 år.
• Folk frå Vest-Sahara vert kalla saharawiar.
• I 1975 fastslo Den internasjonale domstolen i Haag at området har rett til sjølvstyre.
• FN har fordømt Marokko sin okkupasjon.
• Saharawiane ventar på folkeavstemning om området skal frigjerast frå Marokko. Avstemninga blei vedteke i 1991, men er enno ikkje gjennomført.
• Marokko har erklært at dei ikkje vil godta andre resultat av ei folkeavstemning enn marokkansk kontroll over Vest-Sahara.
• Vest-Sahara er eit område rikt på naturressursar.