Ein grimsting med nakkolepsi

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desember er som kjent først og fremst ei fin tid for alle som liker slaps, Jesus og Rein Alexander, gjerne i kombinasjon. Men desember er også høgtida for alle som liker lister.

Også i år har kritikarane laga lister der dei kårar det beste året har gitt oss av musikk, filmar, bøker og anna som kritikarar driv med. Også i år ser det ut til at kritikarane liker ein del andre ting enn lesarane sine. Til gjengjeld liker dei nøyaktig det same som kvarandre.

Og dette er fint. Ein av dei betre desember-tradisjonane, spør du meg. 

Det som er ekstra fint, er at Språkrådet har blitt med på liste-køyret. Denne veka la Språkrådet fram ei liste over årets beste nye ord.

Viss du er ein av dei som har eit liv eller følgjer med på skikkelige nyheiter, så har du kanskje ikkje fått med deg denne lista. Men eg kan fortelje deg at nummer ein på lista over årets beste nye ord er nave.

Verbet å nave blei først brukt i media om ungdom som tek seg eit friår med stønad frå Nav. Meir generelt kan det seiast at å nave tyder å drive dank på det offentliges rekning. Fenomenet blir også omtalt med sustantivet naving.

Sidan dette nyordet har slått såpass an, så reknar eg med at andre vil la seg inspirere og at vi i nær framtid vil få fleire liknande nye ord og omgrep. For eksempel:

Å drive bank, som tyder å ta seg eit friår betalt av banken.

Åkommunalogregionaldepartemente, som er eit noko smalare omgrep som tyder å ta seg eit friår betalt av kommunal- og regionaldepartementet.

Åtrygdekontore, som tyder at Tore Sagen snakkar med Thomas Seltzer på tv.

Eit anna av nyorda på lista er smartskule, som er ein skule som bruker teknologi. Altså omtrent som ein smarttelefon, bortsett frå at ein skule er ein stor bygning full av elevar og lærarar.

Eg er også svak for nyordet glanekø, som er køen som oppstår fordi nysgjerrige bilistar stoppar for å sjå på ulykker eller andre hendingar langs vegen. 

Eg liker denne lista over årets beste nyord veldig godt. Litt fordi eg liker tanken på dei som lagar denne lista, som utvilsamt har den kulaste jobben i Språkrådet. Og som sikkert blir sett ned på av dei andre i rådet, som eigentlig er misunnelige. Men mest liker eg lista fordi eg liker nye ord. Og eg skal innrømme at min kanskje aller største draum i livet er at eit ord eg har funne på ein dag toppar Språkrådets nyord-liste. 

 

I håp om at draumen skal bli verkelig, lanserer eg no nokre forslag til nye ord. Bruk dei!  Ein dag går dei kanskje inn i språket. Og ein dag hamnar dei kanskje på lista til Språkrådet. 

Oppsummeringsartist– samlenemning for alle dei artistane som ikkje finst andre plassar enn på samtlige lister der musikk-kritikarar kårar årets beste plater.

Nakkolepsi– NRK-journalistars sjukelige trong til å ta ein prat med Kyrre Nakkin når ein eigentlig er ferdig.

Englishmisunning– fenomen som særlig viser seg rundt kunngjeringa og utdelinga av Nobels fredspris kvart år. Englishmisunning skildrar behovet folk som sjølve ikkje er spesielt gode i engelsk kjenner for å gjere narr av engelskuttalen til Thorbjørn Jagland.

Dramadrama – den konstante tilstanden av debatt rundt norske dramaseriar på tv.

Dramamisunning – ønsket alle som driv med drama og dramadrama i Norge har om å vere like kule som danskane, og lage tv-seriar der sure etterforskarar i strikkagenser mumlar og lyser med lommelykt. 

Dramamisunningsrealisme– vissheita om at det ikkje ville vore like kult med ein norsk tv-serie der sure etterforskarar i strikkagenser mumlar og lyser med lommelykt. 

Krimnatt– det merkelige fenomenet som berre finst i danske tv-seriar med sure etterforskarar i strikkagenser: At sjølv om dei jobbar døgnet rundt i over ei veke med ei sak, så er det aldri dagslys. 

Bortreist mat – mat som du trur er bra for miljøet men som viser seg å ikkje vere det likevel.

Bjellenaken– tilstanden norske handball-supporterar er i etter at kubjellene deira har blitt konfiskerte av tryggingsomsyn under EM i Serbia. Ordet kan også brukast generelt om grupper som er vane med å bråke men som har blitt fråtatt det dei har hatt for vane å bråke med, f.eks. ungdom som mister lappen eller SV som mister veljarar.

Grimste/Grimsting– kunsten å få det svaret ein vil ha ved å spørje nokon som ein veit kva kjem til å svare, for eksempel om Mette-Marits India-tur.

Først publisert i Aftenposten 8. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!