– Det er ikkje klede som skaper folk

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stine Goksøyr er klesdesignar og har sitt eige klesfirma, ko:ko, som berre nyttar kvinnelege modellar som har meir kjøt på beina enn dei superslanke modellane ein vanlegvis ser rundt omkring.

– Tynne kroppar gir ikkje meirsal
Den vesle klesbedrifta, som ligg i Fosnavåg på Sunnmøre, har fått skryt av ungdom for å bruke klesmodellar som ser vanlege ut, og ikkje er syltynne.

Goksøyr er glad for å få slike tilbakemeldingar frå ungdom, og meiner bestemt at tynne kroppar er eit element som ikkje treng å vere tilstades for å selge klede.

– Målet er å lage så spennande og flotte klede at ein ikkje må bruke fokuset på kropp for å selje produktet, seier ho til Framtida.

– Eg får med meg oppslaga om motebransjen som bevisst brukar svært tynne modellar. Eg er overraska over at det blir sagt at dette skal gi meirsal, og trur dei tek feil, legg ho til.

Les også: Norske klesprisar halvert på 10 år

– Overvektige modellar kan provosere
Klesdesignaren frå nordvestlandet er over gjennomsnittet oppteken av naturlege kroppar, og hevdar ho aldri sjekkar kva klesstorleik modellane hennar nyttar. Modellen for hennar siste kolleksjon var 1,64 høg.

Men at det finst visse grenser for kven ein kan bruke som modell, det er ho likevel klar på:

– Hadde eg valt ein verkeleg overvektig modell, så trur eg det vil provosere på same måte som ein verkeleg tynn modell, seier ho.

– Det er samstundes viktig å hugse at her er mange naturleg tynne og friske, flotte jenter. Vi må heller ikkje sjukleggjere det å vere tynn, legg ho til.

Les også: Ingeborg (19) drøymer om å designa klede for Lady Gaga


Stine Goksøyr sine modellar er alle av den friske og naturlege kroppstypen. 

 

– Media har eit ansvar
Frå sin bustad i vesle Fosnavåg har Goksøyr observert kva globaliseringa og medieutviklinga har ført med seg av kroppspress på unge internettbrukarar dei seinare åra.

Ho meiner at mesteparten av ansvaret for etableringa av for tynne kroppsideal ligg hos dei som dagleg publiserer saker og reklamer som normaliserer sjukeleg tynne jenter.

– Media har ei stor makt og eit ansvar. Det er dei som bestemmer kva som skal gå i trykken.

– Sosiale medium gjer at alt er meir synleg no enn tidlegare, og ein ser idealbilete på nettet som er endra på gjennom Photoshop. Dette skaper urealistiske og farlege ideal, trur Goksøyr.

Sjølv om Goksøyr legg mestparten av skulda for dei negative kroppsideala på media, er ho også klar på at moteindustrien har sine svin på skogen:

– Eg skulle ønskje at både media og moteindustrien kunne hatt meir fokus på detaljar og produkt, istaden for å fokusere på kropp. Eg veit at dei aller fleste i motebransjen er fornuftige menneske, men det er viktig at motebransjen også tek ansvar, understreker ho. 

Les også: – Tenk deg om før du kjøper klede

Vil vise fargerikt mangfald
Nettopp fordi moteverda renn over av skadelege modellar, ser Goksøyr det som sitt mål å bidra til ein positiv motkultur.

– Eg ønskjer å vise mangfald, og målgruppa mi er kvinner som ønskjer å kle seg tøft, men kvinneleg, uavhengig om ein er xs eller xxl. Når eg jobbar med klesmerket mitt så forsvinn eg inn i ei verd med former, fargar og kontrastar.

– Det er ikkje klede som skaper folk, men folk som gir liv til kleda mine, avsluttar ho.

Les også: Aukande strikketrend blant unge