Årets ord: å nave

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet og nyordsforskar ved Noregs handelshøgskole (NHH), Gisle Andersen, har kåra årets nyord.

– Mange hugsar nok ordskiftet om skuleungdom som tek seg eit friår som er dekt av stønad frå Nav. I årets debatt om haldningar til velferdsordningane våre spelte dette nyordet ei viktig rolle. Ikkje berre vert navingnytta blant ungdomar, men også i nyheitsartiklar, kronikkar og endåtil i spørjetimen i Stortinget. Ordet dukka opp i skriftleg medium truleg som eit nyheitsinnslag i mars, fortel Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved NHH.

– I motsetnad til mange nyord frå fagfolk og journalistar er årets ord ei ungdomsspråkleg nydanning. Utgangspunktet er òg uvanleg. Det er etatsnamnet Nav som altså har vorte til verbet å naveog substantivet naving, påpeikar dei.

Nokre ord slår rot
I denne kåringa har Språkåret og nyordforskaren ved NHH mellom anna nytta verkty som har skilt ut nyord frå ei elektronisk tekstsamling bygd opp av artiklar frå alle dei store dagsavisene i Noreg. Det er forskjell i bruksfrekvens mellom orda, og det kan hende at nokre nyord er døgnfluger, medan andre ord nok vil slå rot i språket.

Lågkarbodiettane har tydelegvis ikkje metta oss, for no er det grovkarbo som gjeld for mange, eit ord som såg dagsens lys kort tid etter julesesongen i fjor. Grovkarbo dreier seg om inntak av grove kornprodukt i tillegg til grønsaker og frukt.

Finansuroa i Europa har vore høgt på dagsordenen. EU har foreslått å skipe ein bankunion for å redde fleire av dei kriseråka bankane. Ein ser her for seg felles innskotsgarantiar og  tilsynsordning for bankane i unionen.

– På teknologifronten har strøymeteneste/strømmetjeneste fått fotfeste utanfor spesialistkrinsar. Vi såg i fjor at strøyming/strømmingfor det engelske streamingslo rot i norsk. I år har tilbodet av endå fleire strøymetenester auka monaleg, og ordet er nok på full fart inn i språket vårt, seier Ole Våge.

Monsterord
I vår var det debatt om norske skular i den digitale utviklinga. Her dukka ordet smartskule/smartskole opp. Forleddet smart-har vorte meir og meir vanleg på norsk, og vi har tidlegare sett det i nyord som smarthus og smarttelefon. Smart får dimed tydinga høgteknologisk eller avansert. Eit anna forledd som vi kjenner att frå tidlegare, er monster-. I år vart dei høge leiarlønene debatterte, og vi fekk nyordet monsterløn/monsterlønn. Ordet er danna på liknande måte som det velkjende monstermast. Fleire av oss hugsar nok også Norwegians kampanje der folk kunne røyste på kven som skulle avbildast på flyhalane til flyselskapet. Kandidatane vart kalla for halehelt, eit symmetrisk ord med bokstavrim.

– Dette velklingande ordet er eit døme på at næringslivet nyttar norsk kreativt, meiner Ole Våge.

Han og Gisle Andersen nemner fleire andre, nye ord av året. Frå engelsk har vi lånt inn grexit, ei forkorta samansetjing av gresk og exit. Ordet kjem av spekulasjonane om Hellas kjem til å forlate eurosamarbeidet. Eit anna tilskot til det norske ordtilfanget er glanekø. Ordet vert nytta i ulike tilfelle og medium om skodelystne bilistar som bremsar opp ved ulykker eller andre hendingar langs vegen. Til slutt kan vi òg nemne karbonsko, ei teknologisk nyvinning i langrennsverda. Slike sko er laga av karbon og er dimed lettare og stivare enn vanlege skisko.

Faktaboks

Årets ord
1.nave (naving)
2.grovkarbo
3.bankunion
4.strøymeteneste
5.smartskule
6.monsterløn
7.halehelt
8.grexit
9.glanekø
10.karbonsko