– Tenk deg om før du kjøper klede

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva tenkjer du når du høyrer at barn brenn inne på tekstilfabrikkar i Bangladesh? Sjekkar du kvar dine eigne klede kjem frå? Spør du dei tilsette i butikken? Endrar du forbruksvanane dine?

Venene Maria Kjellesvik (21) og Luise Nes (21) har diskutert temaet med venene.

– Vi har alle lyst til å tenkje meir over kva vi handlar og kor kleda kjem frå. Eg ynskjer å finne ut kven som har produsert det vi kjøper. Slik det er no er det svært vanskeleg å få oversikt, seier Kjellesvik.

Ho legg til at som student med dårleg økonomi er lett, og ofte heilt nødvendig, å handle dei billegaste produkta.

Norske klesprisar er halvert frå 1999 til 2012, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Nordmenn brukar berre fire prosent av inntekta si på kle, viser tala. Tala er korrigert mot konsumprisindeksen. Til samanlikning brukte nordmenn i snitt 15 prosent av inntekta si på 50-talet.

LES OGSÅ:Aukande strikketrend blant unge

Venninnene i 20-åra er usikre på om dei og venene vil endre sine vanar når det gjeld kjøp av klede.

– Situasjonen for mange av arbeidarane i tekstilindustrien er så forferdeleg, det får meg til å ville vere med og endre dette, seier Kjellesvik.

Forbrukarane si makt
Kva bør og kan eigentleg forbrukarane gjere? Vi spurte ein av Noreg sine fremste forbruksforskarar innan klede, Ingun Grimstad Klepp hos Statens institutt for forbruksforskning (Sifo).

– Det er ikkje nokon vits i å boikotte nokre av ein dei store kjedene eller slutte å kjøpe klede frå einskilde land. Det er lite forskjell på kjedene, seier ho.

Viss det står kor kleda er produsert, er heller ikkje det ein garanti for at produksjonen har gått føre seg på ein bra måte når det gjeld miljø og arbeidshøve.

KOMMENTAR:Skal du vera med på leiken må du vera med på steiken

”Made in” utan garanti

– Eit plagg kan gjerne ha vore innom ti land før det kjem til Noreg. Kva for land som står på merkelappen, vert heilt tilfeldig. Om det står ”Made in Italy” kan plagget til dømes vore sydd saman av barn i Bangladesh.

– Om ein har lyst til å bruke si forbrukarmakt til å endre det negative i denne industrien, er det noko ein kan gjere?

– Det einaste ein kan gjere er å tenkje seg nøye om kvar gong ein kjøper eit nytt plagg. Ein må tenkje på at det kostar like mykje arbeidskraft og miljøressursar å laga eit plagg som kostar femti kroner og å laga eit dyrare plagg. Ein må slutte å kjøpe ting berre fordi det er billeg, seier Klepp.

LES OGSÅ:Cocktail- og traktoravhengig

Ho har tru på at ei slik bevisst haldning kan vere mogleg å innarbeide.

– Forbrukarane må stille meir krav om informasjon om produkta. Då vil ein framover få fleire kvalitetsprodukt og også meir informasjon om dei einskilte produkta, meiner Klepp.

Vil vite meir

– Eg skulle ynskje at alle butikkar hadde informasjon i butikken om kor varene kjem ifrå. No kjenner eg det ikkje som mitt ansvar å sjekke at varene er produsert på ein god måte, men om ein vert minna på kor varene vert laga vert ein kanskje meir kritisk og meir oppteken av dette, seier Luise Nes.

På biblioteket på Grünerløkka er det heilt stille rundt borda. Mange sit fordjupa over fagbøker. Det nærmar seg eksamen. Kjellesvik og Nes er i ferd med å pakke saman. Snart vert lesing bytta ut med julehandel.

– Eg tenkjer at målet bør vere å handle færre plagg og heller tenke kvalitet, men eg tvilar på at folk lar vere å kjøpe plagg når dei så billege som dei er, seier Nes.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Kastar 24 tekstil-kilo kvar
Total import av tekstilar til Noreg utgjorde i 2011 42,5 kg tekstilar per innbyggjar årleg, syner ei fersk rapport frå Statens Klima – og forureiningsdirektoratet (Klif). 14,4 kg av dette er klede.

Statistisk sentralbyrå sitt rekneskap for avfall syner at det i 2010 vart generert 117000 tonn tekstilavfall i Noreg. Dette svarar til 24 kilo per innbyggjar årleg. Private heimar er det største kjelda til tekstilavfall med 44 prosent av avfallet, medan tenesteytande næringar er nest størst med 27 prosent. Mengda tekstilavfall frå norske heimar har nesten vorte dobla dei siste 20 åra.

På verdsbasis utgjer produksjon og bruk av tekstilar kring tre prosent av det totale klimautsleppet, ifølgje rapporten frå Klif.

LES OGSÅ:Vi kjøper meir brukte klede

Ikkje krav om merking
I Noreg i dag er det ikkje krav om at klede skal merkast med landet dei er laga i. Dei som sel produkta har heller ikkje informasjon om heile produksjonskjeda.

– Ein måte ein kan kontroll på tekstilproduksjonen er gjennom miljømerking. Her er det òg krav til etikk. Førebels er det berre ein liten marknad for dette, seier Klepp.

Korleis meiner du me i Noreg kan bidra til at arbeidarar i tekstilindustrien får betre arbeidsvilkår?