Skal du vera med på leiken, må du tola steiken

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal du vera med på leiken...

Hennes og Mauritz, og andre gigantar i klesindustrien, skuffar uetisk bruk av arbeidskraft under teppet. Denne gongen var det avsløringar av kor dårlege arbeidstilhøva og lønningane til tekstilarbeidarar i Kambodsja er som gav oss eit slag i trynet. Hennes og Mauritz smykkar seg med å vera mellom dei beste innan sitt felt, på både sosial rettferd og pris. No står den flotte marknadsføringa deira av berekraftig produksjon mest til spott og spe.

Etter dei ferskaste avsløringane er både politikarar og forbrukarar i harnisk. Barne-, inkluderings- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen har kalla inn til krisemøte med bedrifta, og Hennes og Mauritz fryktar nok svekka ettermæle blant forbrukarane og synkande sal som følgje.

Hennes og Mauritz er eitt av mange store selskap som nyt godt av smotthola som oppstår når ein arbeider transnasjonalt. Med forankring i Sverige, fabrikkar i det globale sør og utsal i Vesten, kan Hennes og Mauritz nyte godt både av billeg arbeidskraft og rike forbrukarar – utan å måtte stå til veggs for fungerande lovverk for arbeidsvilkår.

Dei forsvarar mangel på å stille krav til tekstilindustrien, med at verda er kompleks. Ei bedrift med forankring i Sverige kan ikkje stille lønningskrav i staten Kambodsja eller andre stader, sjølv om dei nyttar arbeidskraft der. Frå tekstilgigantane sin ståstad, er det mykje fornuft i påstanden. Kva vil skje med prisane til Hennes og Mauritz om dei vel å krevja lønsauke for arbeidarane sine rundt i verda? Kva vil skje med salet om prisane går opp? Vil andre bedrifter følgja etter? Eller vil Hennes og Mauritz gå konkurs?

Etter mi meining er kjernen i problemet den ikkje akkurat valdsame summen vi forbrukarar må ut med til sjuande og sist. Vi er vane med å kunne skaffa oss ein ny genser til under tre hundre kroner. Om vi tenkjer oss litt om, veit vi med oss sjølve at arbeidarane bak desse produkta umogleg kan få særleg gode arbeidsvilkår og lønningar. Det er enklare å lukka auga og kjøpe den aller nyaste kolleksjonen, enn å bite seg i det og tenkje på dei fattige barna i Afrika eller kva enn for ein klisjé ein føretrekk. Billig mote er, enkelt sagt, mote. Problemet er kanskje at det er avhengigheitsskapande. Me vil gjerne ha dei nyaste plagga, og me ser at alle andre stadig dukkar opp i nye, fine klede. Det er ein vond sirkel. I tillegg skiftar synet på kva me ser på som fint, kjapt. Vi set pris på å kunne kjøpe kleda våre allereie seks veker etter vi såg dei i moteblada for fyrste gong. Dei låge prisane, og dei låge lønningane, gjer oss moglegheita til å skifte ut garderobane våre kvar gong noko nytt dukkar opp. Grunnen til at nye kolleksjonar stadig dukkar opp, er at nytt betyr meir sal og meir profitt for dei store selskapa.

Det er flott at regjeringa ynskjer å setja Hennes og Mauritz på plass, men kva tiltak tenkjer dei å implementera? I dei siste åra har trenden vore å overlata ansvaret til selskapa sjølv. Dei skriv flotte retningslinjer for såkalla “Corporate Social Responsibility” og lovar å etterfølgje eige regelverk. Det held ikkje. Eit av hovudargumenta til Hennes og Mauritz, er at dei ikkje kan heva lønningar med mindre dei er sikker på at andre selskap vil gjere det same. Skal noko gjerast, må det gjerast over heile linja. Eg trur løysninga må vere tiltak frå dei vestlege statane som husar dei store transnasjonale selskapa. Me har allereie omfattande lovverk på arbeidsvilkår innanfor våre landegrenser, desse bør i større grad vera gjeldande også på tvers av landegrenser.

I framtida håpar eg på å sjå gode tiltak frå regjeringa både her i Noreg og i andre land. Diverre er nok vegen til ei meir rettvis verd både lang og vanskeleg. Førebels er det vi, som forbrukarar og medmenneske, som må ta ansvar. Det beste vi kan gjere er å få ned forbruket vårt. Vi må velje kvalitet framfor kvantitet, og rettferd framfor billige klede. Vi må rett og slett få ned våra eige overforbruk, stadig etterspørje klede me kjenner opphavet til og stilla oss tvilande til mistenkjeleg lave prisar. Motebiletet våra må vera fylt av klede som varar, få nyinnkjøp og høgare prisar.

Skal me vera med på leiken, må me tåla steiken. Denne steiken kjem til å smake godt, for den inneheld lågare forbruk, mindre profitt for dei store selskapa og ei meir rettvis verd for alle!