SU opnar for fjorddeponi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil lagre gruve- avfall i fjordar

Sosialistisk Ungdom vil ikkje støtte moderpartiet i kampen mot lagring av gruveavfall i norske fjordar. Ungdomsorganisasjonen har eit heilt anna syn på sjødeponi.

– Vi trur gruvenæringa kan bli eit industrieventyr, seier SU-leiar Andreas Halse til Nationen.

SV kjempar hardt mot dei raudgrøne regjeringspartnarane Sp og Ap for å unngå at gruveindustrien får løyve til å lagre avfall i norske fjordar. SV ønskjer ikkje å gje gruveindustrien løyve til eit einaste sjødeponi før ein har fått meir kunnskap om miljøkonsekvensane.

LES OGSÅ: Industriretro

Ikkje i Førdefjorden
Men partiet kan ikkje vente særleg draghjelp frå ungdomsorganisasjonen sin. SU vedtok nemleg for halvanna veke sidan å opne for fjorddeponi med gruveavfall, sjølv om dei støttar moderpartiet når det gjeld å gå mot eit slikt deponi i Førdefjorden.

– Prinsipielt er vi ikkje mot sjødeponi. Vi må la industrien bruke tilgjengelege ressursar, meiner Halse.

– Tydelegare
Næringspolitisk talsperson i SV Alf Holmelid seier SV har valt ei tydelegare linje enn ungdomspartiet.

LES OGSÅ: Trena på sivil ulydnad

– SU legg vekt på kunnskap og forsking. Det er eg einig i. Men SV er tydelegare på at vi i dag ikkje har nok kunnskap til å gi løyve til nye sjødeponi, seier han til Nationen. (©NPK)

Kva synest du om å tillata at stein og anna masse frå gruveindustrien blir sleppt ut i norske fjordar?