Kraftig nedgang i jordbruksareal

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blei søkt om tilskot for under 9,9 millionar dekar jordbruksareal i drift i 2012, ein nedgang på 70.000 dekar frå året før. Dette viser førebelse tal frå søknader om produksjonstilskot.

Frå 2011 til 2012 blei arealet av open åker redusert med 46.000 dekar, til 3,41 millionar dekar. Engarealet minka med 24.000 dekar, til 6,48 millionar dekar. I tiårsperioden 2003-2012 er totalt jordbruksareal i drift redusert med vel 360.000 dekar, medan delen som er fulldyrka er redusert med om lag 505.000 dekar.

Nedgangen i jordbruksarealet har delvis samanheng med at det i 2003 blei starta eit arbeid med å forbetre kontrollgrunnlaget for arealtilskot i jordbruket. Det blei laga digitale kart på grunnlag av nye flyfoto av jordbruksareala, noko som ga ein reduksjon i jordbruksareala i høve til gamle kart. Dei nye karta er gradvis blitt tatt i bruk frå 2006, og det tas sikte på at alle kommunar nytter digitale kart frå 2013. Ein annan viktig årsak til nedgangen i jordbruksarealet er at marginale areal blir tatt ut av drift og etter kvart gror igjen.

LES OGSÅ: Noreg meir sjølvforsynt med mat

Nedgang i kornarealet
Samla kornareal gjekk ned med 52.000 dekar frå 2011 til 2012. Kornarealet utgjorde 2,93 millionar dekar i 2012, og det var ein nedgang i arealet av alle kornslaga med unnatak av bygg. Byggarealet auka med vel 5 prosent, til 1,56 millionar dekar, i 2012. Arealet av kveite minka med 9 prosent til 668.000 dekar. Arealet av havre gjekk ned med 3 prosent, til 689.000 dekar.

Kornarealet fordelte seg med 53 prosent bygg, 24 prosent havre og 23 prosent kveite. Dei som dyrka korn, hadde eit gjennomsnittleg kornareal på 238 dekar i 2012.

LES OGSÅ: – Jordbruket er i ferd med å kollapsa

Færre mjølkeprodusentar
Frå 2011 til 2012 gjekk talet på mjølkeprodusentar ned med 6 prosent til knapt 10.000. Talet på ammekyr auka med 1 300 til 73.200, medan talet på mjølkekyr heldt seg på om lag same nivå.

Besetningar av mjølkekyr blir stadig større. I 2012 hadde 22 prosent av mjølkeprodusentane minst 30 mjølkekyr, medan tilsvarande tal var 6 prosent i 2003. Samtidig blir det færre mjølkekyr og fleire ammekyr. I 2012 utgjorde ammekyr 24 prosent av det totale kutalet, medan dei utgjorde 16 prosent for 10 år sidan.

Økologisk drift
I 2012 var det 2.400 jordbruksbedrifter med økologisk drift. Desse dreiv eit areal på knapt 469.000 dekar, noko som svarer til 4,7 prosent av totalt jordbruksareal i drift. Areal av korn som blei drive økologisk, var 81.300 dekar, tilsvarande 2,8 prosent av kornarealet.

På dei økologisk drivne einingane var det til saman 31.100 storfe i 2012, av desse var 8.900 mjølkekyr og 4.000 ammekyr. Sidan 2003 har det vore ein auke på nær 45 prosent i arealet som blir dyrka økologisk. Arealet som blir nytta til mjølkegeiter er det einaste som går ned.

LES SISTE LANDBRUKSNYTT HER!

Kva meiner du bør gjerast for å hindra at dyrka mark blir lagt brakk?