Desse studia gjev best løn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyutdanna masterstudentar har ei snittløn på rundt 420.000 kroner i året. Det er ein auke på 8,2 prosent frå 2009. Det viser tal fra Kandidatundersøkinga 2011

Kandidatane med mastergrad i økonomisk-administrative fag er dei som har høgast løn, med kandidatar i helse- og sosialfag og i naturvitskap på plassane bak. Desse gruppene oppgjev ei brutto, ordinær månadslønn over gjennomsnittet for masterkandidatar, og ei undergruppe som tannhelsefag har nærmare 42.000 i månadsløn. Økonomane tener 60.000 kroner meir i året i den første jobben sin enn juristar.

Bachelorkandidatene i økonomisk-administrative fag har lågast månadsløn eit halvt år etter eksamen. Bachelorkandidatane i ingeniørfag har ei begynnarløn på drøyt 34.000 kroner, og får like god utteljing for den treårige utdanninga si som mange kandidatar med ein femårig mastergrad.

Faktaboks

Brutto månadsløn i kroner:

Alle: 34410
Master totalt:  34990
Humanistiske og estetiske fag: 34220
Pedagogikk og lærarutdanning: 34840
Samfunnsfag: 33940
Juridiske fag: 31410
Økonomisk-administrative fag: 36600
Naturvitskap: 35310
Helse og sosial: 36100
Primærnæringsfag: 33670
Idrettsfag: 32190
Bachelor, totalt: 32130
Bachelor, økonomisk-administrative fag: 28040
Bachelor, ingeniør: 34160