Krev eigen karakter i sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Noregs Mållag er veldig glad for at SV og kunnskapsministeren no går inn for ein eigen karakter i sidemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Under landsstyremøtet i helga har SV vedteke ei fråsegn som slår fast at SV går inn for at vurderingsordninga i norskfaget skal ha ein eigen karakter i sidemål. Det vil truleg tyda at høyringsalternativ utan særleg prøving i sidemålskompetansen ikkje vert sendt på høyring. Saka fekk nasjonal merksemd i vinter då Utdanningsdirektoratet gjorde det kjent at dei ville svekke sidemålsordninga.

Tidlegare start
– Det er svært gledeleg at SV no ryddar av vegen det som i vinter var uklårt. At SV no ynskjer ein eigen karakter i sidemål, gjev oss armslag til å finne den fagleg beste løysinga for å gjere elevane flinkast mogleg i både nynorsk og bokmål, seier Håvard B. Øvregård.

Under debatten på landsstyremøtet var det òg gjeve ei brei støtte til at tidleg start med sidemål er bra for sidemålsopplæringa.

– Tidleg start med sidemålsundervisning for bokmålselevane betrar både haldningane til og ferdigheitene i nynorsk. Dette gjer sidemålsundervisninga lettare på ungdomsskulen og i vidaregåande, seier Håvard B. Øvregård.

LES OGSÅ: Kan du vera ein nynorsk superhelt?

Ekstrapoeng
SV meiner og det er trong for gode tiltak for å synleggjere den ekstra kompetansen elevar med nynorsk hovudmål vil sitje på, og for å motverke såkalla ”taktisk målbyte” til bokmål.

Landstyret meiner den beste måten å løyse dette på er å innføre eit ekstra studiepoeng for elevar som held på nynorsk hovudmål gjennom heile vidaregåande I studieførebuande utdanningsprogram.

LES OGSÅ: Blir betre i bokmål av å skriva nynorsk

Glede i Trivselsfylket
– Vi er veldig godt nøgde. Dette er eit solid vedtak som slår fast at framleis vil at elevane skal få eigen sjølvstendig karakter både i nynorsk og bokmål, seier Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV.


– Vi i Sogn og Fjordane SV har arbeidd grundig med denne saka, og vi er veldig glade for at våre argument har blitt lytta til og nådd fram, held ho fram.

No skal norskfaget på høyring, og det er viktig at fagmiljø i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og i skulane kjem med gode råd til kva slags norskfag nynorsken treng.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om SV?

– Det er viktig å sikre nynorskelevane eit så godt grunnlag som mogleg i eige språk. Det vil gje eit godt bidrag til at elevane held på nynorsken, også gjennom vidare studiar eller i arbeidslivet, seier Hege Lothe.