– Festivalar på bygda meir lønsame enn i byen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei ny spørjeundersøking Norsk Rockforbund har gjort. Undersøkinga viser at 79 prosent av bygdefestivalane går med overskot, medan 55 prosent av festivalane i byane gjer det same.

– Bygdefestivalane har vore flinke til å byggja identitet og ein tydeleg profil, og i tillegg fokusert på å utvikla sideaktivitetar som gjev ein meirverdi for publikum. Vi skal heller ikkje sjå bort frå den eksotiske tilleggsdimensjonen, seier Line Endresen, dagleg leiar i Norsk Rockforbund til nettavisa ballade.no.

LES OGSÅ: Kva treng du for å lage festival?

Ho peikar på at unike og idylliske omgjevnader er noko som trekkjer folk. Endresen nemner festivalar som Bøgrend Autofest, Eikerapen Roots Festival, Trænafestivalen og Vinjerock som døme på festivalar på mindre stader som har vore utselde fleire år på rad. (©NPK)