Nytt mobbeprosjekt i skulane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange foreldre opplever at dei stangar hovudet i veggen og ikkje blir høyrt når barnet deira blir mobba. No blir det oppretta lokale beredskapsteam i eit nytt pilotprosjekt.

I første omgang er det fire kommunar som er plukka ut til å vere prøvekaninar for beredskapsteama som skal koplast inn i dei vanskelegaste sakene. Desse kommunane er Råde, Sarpsborg, Kristiansand og Egersund.

LES OGSÅ: Mobbar og mobbeoffer

Det er kommunesektorens organisasjon KS og Foreldreutvalget for grunnskolen (Fug) som skal samarbeide i prosjektet som er sett i gang av Kunnskapsdepartementet.

Teama skal settast saman av dei tilsette i kommunane, som til dømes rektor, helsesøster, barnevern og PPT-tenesta. Prøveprosjektet skal gå over to år.

– FUG får mange førespurnader frå fortvila foreldre om mobbing. Då har dei ofte prøvd alt for å få sitt barn og familien ut av uføret. Dei opplever at dei stangar hovudet mot veggen og ikkje blir høyrt og forstått. Derfor trur vi slike kommunale team er ein god veg å gå for å få ei raskare løysing for barna, seier FUG-leiar Christopher Beckham.

LES OGSÅ: Ungdom trakasserer kvarandre for å få sex

Ifølgje Elevundersøkelsen har mobbetala vore om lag dei same dei siste fem åra. Dei som oppgir at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, varierer mellom 6,8 prosent (i 2012) til 7,5 prosent (i 2008 og 2011).

I ei undersøking av Ipsos MMI i sommar svarte nesten halvparten av dei spurte i alderen 18– 67 år at dei har blitt mobba. (©NPK)