Mobbar og mobbeoffer

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tenk å vera den ein jenta eller guten som står åleine kvart einaste friminutt, seier Johanne Heggheim, om dei mange lagnadane mobbing fører med seg. Som kommunestyrepresentant i Stryn og medlem i Høgre sitt fylkesstyre i Sogn og Fjordane, har kampen mot mobbing vorte den viktigaste politiske saken for henne.  

– Sjølv om det alltid vil eksistere mobbing på skular og på arbeidsplassar, er det viktig å ha mot til å kjempe imot det.

Psykisk mobbing
Johanne Heggheim har sjølv vore med på mobbinga, det skjedde på jentemåten – psykisk med kviskring og stygge blikk. Ho vart ikkje stoppa.

– Det var ingen som drog meg til sides og tok det opp, sjølv om dei vaksne var fullt klare over at mobbinga eksisterte, forklar ho. Seinare, på ein annan skule, vart ho sjølv mobbeoffer.  

– Det var like gale. Å verte utsett for psykisk mobbing, er noko eg ikkje unner nokon, forklarar ho.

LES OGSÅ: Mobbeskulane bør bøteleggjast

VG viktigare enn regjeringa.no
Heggheim meiner kampen mot mobbing må kjempast på mange frontar. At kommunane må ta ansvar, med å jobbe for betre samspel mellom rektorar og lærarar. At staten har eit ansvar, mellom anna med å setje fokus på tematikken og med auka løyve. Ho meiner og at media har ei viktig rolle, både lokalaviser og rikspresse. 

– VG er viktigare enn regjeringa.no. Fokus i media kan vera med på å få fram kor alvorlege konsekvensar mobbing fører med seg.

LES OGSÅ: Like mange blir mobba

Byrjar tidleg
– Mobbing kan starte i barnehagen, så det er der arbeidet må starte. Eg trur at om ein maktar å ta tak på barneskulen, så får ikkje mobbinga eskalere og halde fram til og med vidaregåande, forklarar Heggehim. Ho meiner det er problematisk at vaksne har mista innflytelse både i barnehagane og på skulane. Samstundes peikar ho på at det er avgjerande at både barnehagepersonell og lærarar har nok kompetanse på feltet, maktar å sjå kvar einskild og gjer elevane trygge.

– Det kan vera ubehageleg å ta tak i mobbing, ofte vert problematikken diskutert alt for overflatisk. Eg trur det finst fleire lærar som ikkje vågar å ta tak, for det krev ein del mot, held ho fram.

LES OGSÅ: – Ta ansvar når du høyrer om mobbing

Telefon til heimane
Heggheim trur noko av løysinga kan vera felles aktivitetar i skulekvardagen, med fokus på å bryte ned fordommane folk har med seg heimafrå.

– Ein må få inn at det er same om ein er høg eller låg, kva augefarge eller klede ein har – for alle er jo like mykje verdt uansett, seier Heggheim. Ho meiner og at telefonar til heimane, er av dei viktigaste tiltaka for å stoppe mobbinga.

– Foreldra til dei som mobbar treng ein telefon frå læraren med klår beskjed om kva som skjer. Alle omsorgspersonar må ha krav på informasjon, seier ho. Og legg til at informasjon til heimane, kan medverke til at dei som mobbar forstår kor mykje skade dei faktisk gjer.

LES OGSÅ: Johanne hoppa i det vaksne

Kjensla går ikkje over
– Eg var heldig og hadde ei mor som tok tak i problemet, og som tvinga meg til å gjera det godt igjen. Det var veldig ubehageleg og flaut der og då, men eg er evig takksam for at ho gjorde det ho gjorde i den situasjonen.

Slik slutta Johanne Heggheim med mobbinga, ting ordna seg og alle vart vener. Samstundes understrekar ho kor djupe sår mobbing kan føre med seg.

– Mobbing kan gå over, men det er ikkje dermed sagt at kjensla av å verte mobba gjer det, avsluttar ho.

Korleis meiner du ein førebyggjer best mot mobbing?