Nært i Irland

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marlene Hakkebo (23) kjem frå Smøla kommune i Møre og Romsdal og går siste året på master i rettsvitskap ved UiO. Ho har bakgrunn frå politikk og har arbeidd deltid i Miljøverndepartementet.

Dette semesteret utvekslar ho til University College Cork. Byen Cork, som er den nest største i Irland, er eit viktig utdanningssentrum i landet.

Komme inn på folk
– Irland er eit fantastisk flott land og irane eit utruleg vennleg og inkluderande folk, skriv Marlene i ein epost frå Cork.

Ifølgje Lånekassen er 41 norske studentar på utveksling i Irland i studieåret 2011 til 2012. I tillegg tek 109 studentar heile grada si i landet.

– Det var i grunn litt tilfeldig at eg reiste til Cork. Planen var å reise til eit engelskspråkleg land og eg har alltid vore fascinert av dei britiske øyane. Eg hadde lyst å sjå og kjenne på korleis det er å bu i eit land i økonomisk resesjon. Eg tenkte at det ville vere lettare å kome inn på folk i ein litt mindre by som Cork, enn i ein internasjonal by som Dublin, fortel Marlene.

På det anerkjende Universitetet i Cork fann ho interessante fag og undervisning som skilde seg frå opplegget i Oslo.

– Undervisninga i Oslo er prega av førelesningar med ofte godt over hundre studentar. I Cork er klassane mindre, med 20 til 30 studentar på masterfag. Medan eg knapt har helst på ein professor ved UiO, kunne fleire av professorane her namnet mitt etter tre veker.

I tillegg er vurderinga ulik.

– I Oslo har eg berre hatt eksamen. I Cork har eg innleveringar, munnlege presentasjonar og gruppearbeid. Det er ein ganske annleis måte å arbeide på, som eg lærer mykje av, fortel Marlene.

Synleg studentmiljø
Medan Oslo har kring 600 000 innbyggjarar, har Irlands nest største by knappe 119 000. Det påverkar studentmiljøet i byen.

– I Cork er det ganske mange studentar og desse er langt meir synlege i byen enn i Oslo. Vi har også meir kontakt på tvers av studiar her i Cork. På lesesalane på Domus Nova i Oslo møter du ikkje så mange historiestudentar, medan det er ganske vanleg på jussbiblioteket her. Og ikkje minst – då eg var på omvisning den første dagen kom det ein rev ut frå eitt av dei eldste bygga på universitetet! Det skjer ikkje på Karl Johan.

LES OGSÅ:I norsk teneste

Marlene meiner Cork har eit utruleg bra studentmiljø, med eit stort og variert tilbod.

– Det internasjonale miljøet på skulen er også ganske stort, då kring 2400 studentar utvekslar hit i laupet av året. Majoriteten av desse kjem frå USA og Europa, men også frå andre land over heile verda. Samstundes er irane eit utruleg hyggeleg og varmt folk, så ein blir fort integrert i studentmiljøet, fortel ho.

Når Cork-studentane ikkje heng over bøkene kan dei velje blant eit utal tilbod i byen.

– Det kan vere alt frå førpremiere på kinofilmar, politiske debattar (der abort er eit brennheitt tema i Irland om dagen), språkkurs eller fotturar. Universitetet har også mange sportsklubbar knytt til seg, med alt frå ultimate frisbee, gaelisk fotball og bogeskyting, til handball, fotball og symjing. Studentane deltek gratis, og det same gjeld treningssenteret knytt til universitetet. I tillegg kan ein nesten ikkje gå inn på ein pub i Cork utan at det er ein form for live-musikk, ofte tradisjonell irsk musikk.

QUIZ: Prøv deg på den store jussquizen!

(saka held fram under bildet)

NÆRT: På University College Cork er klassane mindre og kontakten med professorane nærare, ifølgje Hakkebo. Foto: Privat

Uvurderleg erfaring
Den største utfordringa for Marlene kom før ho hadde forlate Noreg. Arbeidet med å skrive og sende søknadar, flytte og framleige hybelen, få kontroll på papirhavet og finne ein stad å bu i Cork tok tid. Språket, som ho var bekymra for før ho reiste, viste seg å gå heilt greitt.

– Eg håpa å få oppleve korleis det er å studere i eit anna land, med ein anna utdanningskultur. Samstundes ville eg praktisere engelsk og ikkje minst sjå så mykje som mogleg av Irland.

I Cork føler Marlene at ho har fått det ho kom for. Ho er ikkje i tvil om at uveksling er ei verdifull erfaring.

– Som utvekslingsstudent har eg fått ei rekke erfaringar som eg aldri hadde fått om eg hadde teke heile grada mi i Oslo. Først og fremst gjeld dette det faglege. Her kan eg ta fag som eg ikkje kunne tatt ved UiO og eg lærer ein heilt annan måte å arbeide med faga på.

LES OGSÅ:Ein smak av Afrika

I Oslo har studenten stort sett arbeidd med å førebu seg til eksamen. I Cork har fokuset derimot lege på case-arbeid, munnlege presentasjonar  og gruppearbeid. Marlene meiner dette liknar meir på arbeidsslivet.

– Også det å kunne kommunisere flytande på engelsk, både munnleg og skriftleg, har stor verdi i dag. Til sist gjer eit uvekslingsopphald auka tilpassingsdyktigheit og kulturforståing. Både som student og som framtidig arbeidstakar meiner eg verdien av utveksling er uvurderleg, meiner utvekslingsstudenten.

Les meir om jobb og studiar i utlandet her!