– Ikkje gni augo for hardt
Sjølv lett gniing i augo gjer at trykket i auget blir fordobla. I verste fall kan gniing føre til synstap og netthinneløysing.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stadig fleire slit med tørre og irriterte auge. Mange føler for å gni bort problema. Me gnir bort søvn frå augo om morgonen, me gnir bort tårer, rusk og sminke. Nokre bruker handbaken, andre knokane eller fingrane.
– Vanlegvis er gniing av augo ikkje noko å uroa seg for. Gniing kan følast behageleg, stimulere tåreproduksjonen, fjerne støv og andre irritasjonar, seier fagsjef Hans Torvald Haugo i Norges Optikerforbund til Newswire.no.
Gniing fjernar òg stress ved at press på augeeplet stimulerer vagus-nerva til å redusera hjerterytmen.
Men gnir du auga for hardt eller for ofte, kan det føra til problem.
LES OGSÅ: Dansa vekk bekymringane
Aukar trykket
– Fleire studium viser at gniing forårsakar ein auke i augetrykket. Sjølv ei lett gniing fordoblar trykket. Kraftig gniing kan meir enn 20-doble augetrykket, seier professor Charles McMonnies til Newswire.no.
Han er blant dei fremste ekspertane i verda på området og arbeider ved University of New South Wales i Sydney i Australia.
Hos dei fleste blir augetrykket normalt igjen når ein sluttar å gni, men for folk med spesielle augeproblem kan eit auka augetrykk forårsaka av hard gniing vera meir alvorleg.
Høgt trykkar i auget fører til at blodårene blir pressa saman, og synsnerva får for lite oksygen. Det kan skada cellene i synsnerva.
Professor McMonnies tilrår å vaske andletet og auga med ein våt klut for å redusere kløe og fjerna søvnen om morgonen.
LES OGSÅ: Gitarspel mot fedme
Ver klar over risikoen
Dei som slit med tørre, irriterte og stikkande auge bør behandla årsakene til plagene, og ikkje klø seg i augo, ifølgje professoren.
Noregs Optikerforbund tilrår alle med desse problema å oppsøkja optikar for råd.
– For dei aller fleste friske menneske er det greitt å klø seg i auga av og til, men det er viktig å vere oppmerksam på risikoen viss ein overdriv, seier fagsjef Hans Torvald Haugo i Noregs Optikerforbund.