I norsk teneste

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det absolutt beste med å bu i Kina er utan tvil menneska. Altså, talet på menneske kan vere ei utfordring, men når ein møter så mange søte folk, frå små born til urgamle krokar, kan ein ikkje unngå å bli sjarmert.

Sunniva H. Arbahamsen (26) frå Vikersund har vore i Kina før, men i år er første gong ho er der i norsk teneste, som praktikant ved det norske generalkonsulatet i Guangzhou.

Mellom kultur og næringsliv
– Å vere praktikant er ei veldig god moglegheit til å prøve seg på mange ulike oppgåver innan varierte felt. Slik kan ein teste ut kva ein trivast med og kva ein er flink til, fortel Sunniva.

LES OGSÅ:Ein smak av Afrika

Noregs ambassade i Kina ligg i Beijing. I tillegg har Noreg generalkonsulat i Shanghai og Guangzhou.

Guangzhou er provinshovudstad i Guangdong, og er blant Kinas viktigaste og mest folkerike byar.

Sunniva fortel at den norske staben på generalkonsulatet for tida er opptekne med prosjekt knyta til maritim industri og shipping, arkitektur og design, og kunst og kultur. I haust arrangerte generalkonsulatet ein studietur for kinesiske arkitektar og byplanleggarar til Noreg.

I tillegg samarbeider staben med internasjonale organisasjonar om fornybar energi og bedrifter sitt samfunnsansvar. Visumverksemd vert dessutan stadig ein større del av generalkonsulatet sitt arbeid, då mange kinesiske bedrifter og privatpersonar ønskjer å besøke Noreg, fortel praktikanten.

Sunniva kjem frå Vikersund i Buskerud og har akkurat gjort ferdig si mastegrad i Chinese Society and Politics ved Universitetet i Oslo. Det er ikkje første gong ho bur i Kina. Ho har studert kinesisk språk i Shanghai og utveksla frå bacheloren i Aust-Asia-studiar til Beijing.

Praktikanten meiner Guangzhou er ein spesielt bra stasjon for å prøve seg på varierte oppgåver.

– Her har vi ein liten norsk stab som alle arbeider på tvers av tradisjonelle skilje mellom kultur- og næringslivssektor. Som praktikant hjelper eg til på dei fleste prosjekta generalkonsulatet er involvert i.

LES OGSÅ: Under beltestaden på kinesarane

Sakna Kina
– Motivasjonen min for å søke praktikantstillinga var mangesidig.

Sunniva sakna Kina, ønska seg arbeidserfaring og ville lære meir om utanrikstenesta.

– Samstundes ønska eg å få innblikk i kva for andre potensielle arbeidsgjevarar som samhandla med Kina, innanfor både kultur- og næringsliv. Bakgrunnen min frå Kina-studiar var nok avgjerande for at eg vart tilsett, men også eit fagleg-sosialt engasjement gjennom fagutval og assistentarbeid i eit forskarnettverk tippa nok vektskåla i mi retning, trur Sunniva.

LES OGSÅ: I belgisk asyl

Ho søkte på praktikantstillingane ved alle dei tre utanriksstasjonane i Kina. Ved eit tilfelle vitja generalkonsulatets prosjektleiar universitetet samstundes som Sunniva søkte på stillingane. Ho var med i fagutvalet som arrangerte foredraget prosjektleiaren skulle halde, og dei avtala jobbintervju allereie neste dag.

– Det ordnar seg jo som kjent for snille jenter, og fekk tilbod om stillinga kort tid etter, fortel Sunniva.

I seks månadar skal ho vere praktikant, og ho har allereie fått tilbod om ei prosjektmedarbeidarstilling fram til juni neste år.

(les meir under bildet)


GUANGZHOU: Perlefloden renn gjennom Guangzhou. Foto: Espen Rikter-Svendsen

Intimt miljø
– Å arbeide som praktikant i Kina inneber ikkje nokon uoverkommelege utfordringar, men kjennskap til kinesisk språk og kultur gjer det lettare, både når ein søker på praktikantstillinga, og når ein skal bu og leve her på eiga hand.

I Guangzhou er det lett å finne likesinna frå heile verda, ifølgje praktikanten.

– Til skilnad frå Beijing og Shanghai er det ikkje eit stort norsk miljø her. Byen er heller ein handelsby enn ein studentby. Dermed er expatmiljøet relativt intimt, og ein kan finne gode vener framfor eit utal kjenningar. På grunn av byen si betyding for handel har mange land generalkonsulat her, og veldig mange store internasjonale selskap har kontor i byen. På desse er det gjerne tilsett ein eller to praktikantar.

LES OGSÅ: Internasjonal dyrlege

Trass i «latterleg høge» bustadprisar, kan ein leve godt på praktikantstipend i Guangzhou.

– Som praktikant har ein mykje fritid på kveldstid og i helgane. Dei fleste fritidsaktivitetar er veldig rimelege, og sjølv på praktikantstipend har ein råd til både hyppige og varierte restaurantbesøk, shoppingturar og utekveldar.

Det beste med å bu i Kina er likevel Kina, tykkjer Sunniva.

– Folket, kulturen, språket og maten. Alt er så annleis, og det gir meg ei kjensle av å oppleve noko nytt og spanande kvar einaste dag. Nettopp det er kanskje grunnen til at eg likar Kina så godt. Det same kan ein eigentleg seie om praktikantstillinga – eg lærer noko nytt kvar dag, og det gjer at eg stortrivast.

Les meir om jobb og studiar i utlandet her!