– Meir truverdig enn du trur

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Meir truverdig enn du trur

Sidan oppstarten i 2001, har Wikipedia vekse til å bli verdas sjette mest brukte nettstad, målt i sidevisningar.

Ein vanleg kritikk mot oppslagsverket har vore at den opne strukturen, der alle kan skrive og redigere, har gjort nettstaden upåliteleg samanlikna med tradisjonelle oppslagsverk med profesjonell fagfellevurdering. Nettstader som WikiScanner har spora konkrete endringar av oppslagsartiklar attende til organisasjonar og styresmakter som har hatt interesse av å manipulere fram ei meir fordelaktig framstilling av seg sjølv.

Betre enn læreboka?
Wikipedia har vunne meir og meir innpass som ei kredibel kjelde for elevar i grunnskulen og vidaregåande, og nye undersøkjingar stadfestar at Wikipedia på sitt beste er ei betre kjelde til informasjon enn til dømes det verdskjende leksikonet Encyclopædia Britannica, som snart feirar 250-årsjubileum.

– Wikipedia er minst like god som andre informasjonskjelder når det gjeld utvalde emne innanfor depresjon og schizofreni, konstaterer Simon Hjerrild frå Center for psykiatrisk forsking ved Aarhus universitetssjukehus i Danmark til forskning.no

Les meir: Frode vart årets nynorske wikepedianar: starta 28000 artiklar.

Undersøkjinga, som tidsskriftet Psychological Medicine har gjennomført, jamførte eit ekspertpanel ulike tekstar om psykiatri og depresjon, utan å vite kvar tekstane var henta frå. På dette området scora Wikipedia betre på både fagleg presisjon, oppdatert kunnskap og kjeldetilvisingar enn ei kjend lærebok på feltet og Encyclopædia Britannica.

Dei nye funna gjev tyngd til ein meir generell kvalitetstest frå 2005, som vart gjennomført av tidsskriftet Nature. Den gongen kom ein fram til at vitskaplege artiklar på Wikipedia jamt over hadde høg fagleg presisjon og truverd, og at det var tilgjengelegheita og lesbarheita som var mest skrantande i mange av artiklane.  

Les meir: Wiki Loves Monuments er verdas største fotokonkurranse

– Ein kan aldri vere sikker
Simon Hjerrild konkluderer med at Wikipedia ikkje er ei like dårleg kjelde til informasjon som ein kunne tru.

– Men ein kan aldri vere sikker, legg han til.

– Å bruke Wikipedia inneber alltid eit element av risiko. Fordi innhaldet blir endra heile tida, vil der alltid vere ein sjanse for å finne feilaktig informasjon i artiklane, åtvarar forskaren på Videnskap.dk