Verdas største fototevling

For andre gong blir Wiki Loves Monuments arrangert.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omlag 170.000 bilete av europeiske kulturminnesmerke blei sendt inn i den førre konkurransen. I Noreg kom det inn 1200 bilete.

I samarbeid med Riksantikvaren og Norsk lokalhistorisk institutts Lokalhistoriewiki oppfordrar Wikimedia Noreg alle fotointeresserte til å vera med og dokumentere den norske kulturarva. 300 fotoklubbar over heile landet er kontakta med oppfordring om å delta i massemønstringa. I løpet av september vil meir enn 10.000 frivillige i Europa og Asia laste opp bilete av kulturmotiver i fri lisens, til fri bruk for alle.

LES OGSÅ: Frode har starta 28.000 artiklar

Nytt av året er ein eigen mobilapp for Android og iPhone, som lèt deltakarar laste opp bilete direkte frå mobilen. Ved å bruke applikasjonen kan du òg få greie på kulturminnesmerke som finst i nærleiken.

– Det er millionar av registrerte kulturminne i verda, og omlag 100.000 i Noreg. Wikimedia Noreg har med hjelp frå Riksantikvaren laga kommunevise lister over 10.000 kulturminne som kan fotograferast i konkurransen. Ei digital teneste lèt deltakarane enkelt finne kulturstadene i eigne kart. Mange av kulturminnesmerka har ikkje tilgjengelege bilete, og risikerer å gå i gløymeboka dersom dei ikkje blir dokumentert på denne måten, seier styreleiar for Wikimedia Norge, Jarle Vines, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vann med bilete av broren

Bileta som blir sendt inn må lastast opp under fri lisens. Dermed vil dei ikkje hamna i ei skuff etter at konkurransen er over. Dei nesten 14 millionar bileta i samlinga Wikimedia Commons blir brukt dagleg av tusenvis av einskildmenneske, organisasjonar og verksemder over heile verda, utan vederlag eller andre krav enn navngivelse av opphavspersonen. Den største brukaren av bileta er utvilsamt nettleksikonet Wikipedia.

Førstepremien i den internasjonale konkurransen er ein gratis tur til Hongkong, der vinnaren kan fotografera og delta på frivillig-kongressen Wikimania. I den norske konkurransen får vinnarane flotte, digitale kamera i premie.