Millionar av europearar streika mot sparetiltaka i EU.

mm
Faktaboks

Arbeidsledige under 30 år:
Kypros 27%
Hellas 55,6%
Italia 35%
Spania 54%
Portugal 37,4%
Noreg 8 %

LES FAKTALUKK FAKTA

– Unge menneske over heile Europa betaler den høgaste prisen i denne perioden med økonomisk krise som europeiske land står overfor, heiter det i ei erklæring frå ungdomsorganisasjonen til den europeiske samanslutninga av fagforeiningar.

I Spania og Hellas er meir enn halvparten av alle ungdommar under 30 år arbeidsledige. Og i dag presenterte Statistisk sentralbyrå tal som viser at talet på ledige jobbar i Europa held seg stabilt på eit svært lågt nivå. Berre 1,5 prosent av alle stillingar i EU er ledige. I Spania er talet 0,8 prosent. I Noreg er talet nær 3 prosent. Samanlikna med sist kvartal er det no 7.100 færre ledige stillingar.

Over 18 millionar europearar er arbeidsledige, ifølgje Eurostat.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Krev ungdomsgaranti
– Unge menneske får jobbar som manglar sosialt vern. Midlertidige kontraktar er mykje brukt. For ofte er det ingen garanti for ei skikkeleg inntekt under arbeidsløyseperiodar. Slike forhold gjer det umuleg for dei fleste unge menneske å personleg og økonomisk frigjera seg frå familiane sine, og å starta ein ny familie. Dette fører til at unge menneske forlét søreuropeiske land for å finne skikkelege jobbar i utlandet. Dette fører til ein hjerneflukt som tar frå landa den viktigaste menneskelege kapitalen som deira vekst er basert på, heiter det vidare i erklæringa.

LES OGSÅ: Nok no

Fagforeiningane krev ein stopp for dei store kutta, og meiner at progressive skattar, investeringar i forsking, rettsforfølging av skattesvik og korrupsjon, kampen mot mellombelse jobbar og innføring ein ungdomsgaranti er noko av det som må til for å reversera situasjonen i Europa.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE