På ståande reisefot

Kristin Fridtun
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var gjævt, tykte eg, eg kjende meg som ein fullblods frilans (‘fri lanse’, d.e. leigesoldat) der eg reika omkring. Det høyrer liksom med å vera farande fant då. Men brått stakk det meg at reisefot ikkje var råkande i det heile, tvert om var det heilt ute på viddene, for jamvel om føtene var med på reisa, var det visseleg ikkje slik at eg reiste ved hjelp av føtene. Størsteparten av tida var eg på reisehjul og på reiseveng. Med kvilande føter.

So tenkte eg litt på Ivar Aasen, som eg so ofte gjer, og kunne lett og greitt slå fast at det var kar som var på reisefot. Og for ein reisefot! Rett nok var denne endelause flakkinga ei sann pine for Aasen, men han heldt ut og takk for det. I ferdaminna sine fortel han om vondt vêr og fælt føre som tyngjer eller hindrar reisa hans, skysskarar som ikkje kan vegen, rorskarar som drikk seg fulle og mesta velter båten − og ikkje minst såre føter: «Veiret var varmt, og Fødderne blev ynkelig tilredte.» Å, Ivar!

Den gongen var det vel heller ikkje so endeframt å finna husrom. Det var å leggja seg inn i heimen til folk og vona at verten var rett navla. Mangt og mykje hende i heimane som Aasen vitja, om me skal tru notata hans. Til dømes denne makelause episoden frå Hallingdal, sumaren 1845:

«I Begyndelsen af mit Ophold paa dette Sted havde jeg det meget fornøieligt ved Læsning af adskillige Bøger og Tidsskrifter, samt ved Samtaler med Postaabner Tandberg og hans Søn, som var Kontorist hos herboende Sorenskriver Gude, men nu opholdt sig hos Forældrene, da han maatte holde Sengen formedelst et slemt Saar han havde faaet af et Gevær paa en Jagt. Vi læste og morede oss fortræffeligt; men denne Fornøielse blev desværre pludselig afbrudt derved at den ene af os døde.»

Hoi! Der sat vyrde Aasen, i retteleg godlag, og såg at den unge kontoristen «blev overfaldt af et Slags Krampefeber» som reiv guten bort rett framfor augo hans. Han sette nok låtten i halsen då, Aasen, men etter skildringa å døma var han ikkje blind for det komiske i situasjonen. Etter gravferda var det berre å sela på og koma seg vidare − til fots.

(Alle hermingane er henta frå Reise-erindringer og reise-indberetninger 1842−1847, Vestanbok forlag, 1990.)


QUIZ:
Kva veit du om Ivar Aasen?