Statstilsette synest sjølve dei skriv godt
Nesten alle statstilsette synest sjølve at dei skriv godt nok. Likevel slit svært mange nordmenn med å forstå informasjonen dei får frå det offentlege.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Synest sjølve dei skriv godt
Ei ny undersøking som er utført av Ipsos MMI på oppdrag frå Språkrådet, viser at ni av ti statstilsette synest dei skriv godt nok. 3.366 personar deltok i undersøkinga. Det står i sterk kontrast til inntrykket folk har av språket i offentlege skriv. Aftenposten opplyser at over ein million nordmenn slit med å tolka innhaldet i slike tekstar.
– Det er ikkje alltid så lett å vite kva som er vanskeleg og lett for lesaren når ein sjølv kjenner godt eit fagområde og ein måte å skrive på, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen til avisa.
– I den allmenne språkpolitikken som ligg til grunn for arbeidet som vi i språkrådet gjer, blir det framheva at staten og statlege tekstar skal vera eit førebilete for andre tekstar, held han fram. Han peikar likevel på at det går føre seg mykje bra språkarbeid i staten, og at undersøkinga stadfestar dette inntrykket.
LES OGSÅ: – Umogleg å oppfylle språkkrav