Målungdomsleiar Vebjørn Sture reagerer på at fylkesutdanningssjefen i Vest-Agder vil avskaffe sidemål for påbyggelevane.

mm

Fylkesutdanningssjef Arly Hauge foreslår at Vest-Agder fylkeskommune søkjer Utdanningsdirektoratet om eit femårig forsøk der elevar som tar påbygg til studiekompetanse får fritak frå skriftleg sidemålsundervising, melder avisa Agder i dag.

– Dersom ein skal senkje krava for å gje alle bestått, kan ein like gjerne sløyfe heile påbyggkurset og sende vitnemål i posten til dei som vil ha. Sjølve poenget med generell studiekompetanse forsvinn når høg strykprosent blir møtt med lågare krav, seier Vebjørn Sture i Norsk Målungdom.

Lei av stakkarsleggjeringa
Sture har sjølv gått både yrkesfag og påbygg, og er svært misnøgd med den vedvarande stakkarsleggjeringa av påbyggelevar.

– Når andre stadig skal fortelje deg kor tungt og vanskeleg du har det, byrjar du til slutt å tru på det sjølv. Får du sydd puter under armane i tillegg, blir det endå vanskelegare å jobbe disiplinert for å tileigne seg den kunnskapen som trengst for å studere vidare, forklarer Sture.

LES OGSÅ: – Nynorsk ikkje eit seriøst fag utan eksamen

Feil diagnose, feil medisin
Leiaren i Norsk Målungdom meiner problemet i norskfaget på påbygg dreier seg om kvalitet, ikkje kvantitet.

– Påbyggelevar har ti timar norsk i veka, der mesteparten går til hovudmålet. Å påstå at problemet likevel er for lite tid til hovudmålet, er på grensa til latterleg, meiner Sture.

– Verda er diverre ikkje så enkel at svake skuleresultat kan bøtast på med meir undervisning og fleire timar. Svake resultat må hevast med betre undervisning, og det oppnår vi ikkje ved å senkje kunnskapskrava, poengterer Sture.

Følg sidemålsdebatten her!

– Skaff læreplassar i staden
Sture peiker også på at den høge strykprosenten kan henge saman med at ein del elevar hamnar på påbygg fordi dei ikkje får læreplass.

– Kor motiverande er det å «ende opp» med tretti timar teori i veka, når du eigentleg hadde sett for deg lærlingjobb i eit praktisk yrke? Som fylkesutdanningssjef burde Arly Hauge kanskje sett meir på korleis han kan skaffe læreplass til dei som ynskjer det, i staden for å undergrave offisiell norsk språkpolitikk, avsluttar Sture.

LES OGSÅ: Få læreplassar i kommunane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE