Maten blir mindre norsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Importverdien for industriell mat var 27,4 milliardar kroner ifjor, opp 14,7 prosent frå året før, viser rapporten Mat og industri 2012 frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. 

Til samanlikning var eksportverdien 4,9 milliardar utanom fisk, ein auke på 7,8 prosent. 

– Dei siste 15 åra har importen av mat og drikkevarer auka kraftig, medan eksporten har utvikla seg langt meir moderat. Matindustriens hjemmemarkedsandel har sunket frå 89 prosent i 1995 til rundt 80 prosent i dag. Det er bekymringsfullt, seier Roald Gulbrandsen, direktør for næringspolitikk i NHO Mat og Drikke til Newswire.

LES OGSÅ: Noreg meir sjølvforsynt med mat

– Bidreg ikkje
Han synest det er bra at matindustrien møter internasjonal konkurranse og at forbrukarane får eit større vareutvalg å velje i. Men rammevilkåra for norske produsentar kunne vore betre, meiner NHO. 

– Råvareprisene og andre kostnader er spesielt høge i Noreg. Avgiftene aukar, medan midlane til forsking og utvikling er for puslete. Samla sett bidreg ikkje næringspolitikken til å fremje dei stolte tradisjonane og den sterke produktutviklinga som til no har prega norsk matproduksjon, seier Gulbrandsen.

LES OGSÅ: Denne maten gjer deg glad



Matindustrien i Noreg omfattar snaut 2000 føretak med ein samla produksjonsverdi på 160 milliardar kroner. Bransjen sysselset om lag 46.000 menneske.

Låg forteneste
Baker- og konditorbransjens landsforening fortel om eit stort investeringsbehov, men peikar på at slike satsingar òg må vere lønsame.



– Råvareprisane utgjer nesten 40 prosent av kostnadene ved å bake eit brød. Mjølprisen er viktig, og han er skyhøg i Noreg, seier dagleg leiar Anders Vangen i Baker- og konditorbransjens landsforening til Newswire.

LES OGSÅ: Julebaksten må bakast med fransk smør frå irske kyr

Norsk produksjon dekker på langt nær behovet for matkorn og mel. Likevel er det høge tollsatsar på import.



– Me har foreslått at tollen blir fjerna på den delen av korn og mjøl som norske bønder ikkje klarar å levera, men har ikkje vorte høyrt. Bransjen er svært pressa, og fortenesta er halvert på få år, seier Vangen. 

Importverdien av brød og brødvarer har passert ein milliard kroner årleg. Når kjeks, knekkebrød og kornblandinger blir inkludert, nærmar importverdien seg 1,5 milliardar.

Om lag 30 prosent av bakarvarene me et er bakt i utlandet.