Må bakast med fransk smør frå irsk mjølk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må bakast med fransk smør

900 tonn smør må før jul importerast frå Frankrike for å møta behovet til julebaksten i år. På same måten som Noreg og fleire EU-land, slit Frankrike derimot med fløyteunderskot og må importera mjølk frå Irland.

Det franskproduserte importsmøret, på irsk råvare, har ei litt anna samansetjing enn det vi er vande til frå tidlegare. Julesmøret i år gjev ein mjukare konsistens på deigen, som igjen medfører at steikinga av dei tradisjonelle norske julekakene kan gå noko raskare enn det du er vand til, opplyser Tine.