– Norsk minsteløn vert sosial dumping

Norske verksemder kan få ein auke i timelønene på 60 prosent over natta med innføring av vikarbyrådirektivet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det omstridde vikarbyrådirektivet til EU skal mellom anna sikre at innleigd arbeidskraft vert likebehandla med fast tilsette i bedrifta. Direktivet har skapt stor debatt, og frykta for auka bruk av vikarar har gjort at LO er blant dei som har kravd norsk veto mot direktivet.

No er det arbeidsgjevarsida som åtvarar, etter at regjeringa har vald å innføre direktivet utan unntak, skriv Dagens Næringsliv.

– Noreg er det einaste høgkostlandet som implementerer utan å bruke nokre av unntaksreglane, seier , administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri til avisa.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Han meiner at likestillingsprinsippet vil verte svært dyrt for norske arbeidsgjevarar, og viser til at det finst bedrifter i oljesektoren som har leigd inn opp mot 1.000 arbeidstakarar for å ta unna for stor etterspurnad. For dei vil det dreie seg om ein auke i timeløna på 50 til 60 prosent, ifølgje Lier-Hansen.

– Dette er ikkje småpengar for bedrifter som kanskje har 1.000 tilsette. Det kan dreie seg om 140 millionar kroner over natta. Dette er dramatisk, det hevar kostnadene enormt, seier han.

– No vert norsk minsteløn plutseleg sosial dumping. Det betyr at våre bedrifter må leggje meir og meir arbeid til andre land for å gå klar av problemstillinga. Alle taper på det, legg Lier-Hansen til. (©NPK)