Handling attende til regelens prinsipp

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringspartia prøver stadig vekk å så tvil kring kor vidt dei borgarlege partia vil forhalde seg til handlingsregelen eller ikkje. Dei teiknar eit bilete av kaos på ikkje-sosialistisk side, og at vi er lite ambisiøse på klima- og miljøspørsmåla. Det eg ser, er eit trehovuda raud-grønt troll som hiv om seg med stein i alle retningar, på såpeglatt golv i glasmagasinet.

Høgre blir stadig utfordra frå sosialistisk side på om vi vil avvikle den såkalla handlingsregelen om det vert ei borgarleg regjering frå neste haust. Det vil Høgre sjølvsagt ikkje. Tvert om meiner vi det er på tide å i større grad føre handlingsregelen attende til opprinnelsen.

Da handlingsregelen vart innført våren 2001, innebar dette klare retningsliner for kva den auka bruken av petroleumsinntekter skulle gå til. I grove trekk var innstillinga frå finanskomiteen at pengane skulle nyttast til å heve vekstevna i norsk økonomi gjennom bevisste prioriteringar av utdanning, forsking, infrastruktur og vekstfremmande skattelettingar. Her sviktar den raud-grøne regjeringa – så det susar.

 I statsbudsjettet for 2012 gjekk berre to av ti kronar frå petroleumsfondet til dei føremåla som var nemnde i handlingsregelens intensjon. Dette er urovekkjande med tanke på vekst- og konkurranseevna til Noreg og norske bedrifter. Å seia at Noreg ikkje akkurat har vore offensive i samferdselspolitikken, ville vera tidenes understatement. Vi har til dømes fattige 60 mil veg med midtdeling, og Statens vegvesen gjekk nyleg ut i NRK Dagsnytt og sa at vi treng minst 200 mil til. Vi har ei utdatert jarnbane kor dobbeltspor er unntaket langt snarare enn regelen, og den generelle standarden på veg og bane bringar oss langt bak i bakleksa samanlikna med dei aller fleste andre vestlege land. Då lyt vi koma oss fram på tærne og prioritera norsk infrastruktur. 

I sommar sådde SP-leiaren tvil kring utbygginga av intercity-triangelen. Dette er klare brot på klimaforliket, kor SP, saman med dei andre partia på Stortinget, har forplikta seg til å styrke jarnbana si rolle i kollektiv- og godstransporten generelt og kor intercity også var eit spesifikt punkt. Samstundes sa SVs samferdselspolitiske talsmann, Hallgeir Langeland, det motsette. Det er med andre ord umogleg å forhalde seg til prioriteringane til den vaklande raud-grøne bøttebaletten. 

Valkampstrategien til regjeringspartia har vore tydeleg lenge og er ikkje noko nytt. Dei vil skremme veljarane bort frå sentrum-høgre, med illeluktande skremselspropaganda, snarare enn å lokke dei til seg med raud-grøn politikk. Høgre vil fortsetja å fremme vår politikk, med fokus på modernisering og på menneska. Men myter som vert sådde frå sosialistane, må rivast opp med rota.