– Fleire burde få opp augo for bygda

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire bør oppdaga bygda

– Eg har tru på bygda generelt og trur det er ein bygdeperson i alle, seier Tor-Evert Johansen. Han er ein av studentane på det samlingsbaserte bachelorprogrammet i bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren. Der skal dei lære om mellom anna nyskaping og kulturell og sosial verdiskaping, og dei skal tilegne seg utviklingskompetanse. 

– Ein bør nok vera litt frelst for å velje ei slik utdanning, seier studentane. Dei kjem får heile landet, rett frå vidaregåande eller, som dei fleste, med litt meir erfaring – felles er ei stor tru på bygda.

LES OGSÅ: Dette er ein attraktiv kommune

Nye konsept
– Eg ynskjer å endre trenden og få folk tilbake til bygda. Med denne bacheloren kan eg bidra til det, gjerne gjennom prosjekta som allereie finst, seier Kjersti Lesteberg frå Nore og Uvdal. 

– Eg tenkjer å starte mi eige bedrift, innan økologisk landbruk eller rehabilitering av ungdom. Det er mange gode konsept ein kan utvikle på bygda, seier Ann Mari Lepsøe frå Karmøy.

Sjølv om ikkje alle studentane veit heilt kva dei blir, kan mange tenkje seg å starte bedrift. Jordvern, tilflyttingsarbeid, økologisk landbruk og anna prosjektarbeid er av interessefelta. Dei trur ikkje problema med å halde bygdene oppe kan løysast på tradisjonelle måtar, men at ein må tenkje alternative måtar å drive på. Det skal dei arbeide med dei tre neste åra.

LES OGSÅ: Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Samhandling
Studentane Framtida møtte, vil alle jobbe for at bygda ikkje skal forsvinne. Dei veit og kva dei set pris på med bygda – stor plass og mindre folk, og større moglegheiter til å gjere ein forskjell.

– Samhandling er mykje viktigare i ei viktigare i ei bygd. Ein kan ikkje velje menneske på same måte som i ein by, det gjev eit spesielt samhald på trass av alle ulikskapar, forklarar dei.

Utviklingskompetanse
Å verte utviklar handlar om å kunne setje saman byggeklossane på nye måtar. Utviklingskompetanse er den raude tråden i bacheloren og vi møter stor interesse for slik kompetanse i marknaden, forklarar rektor Dag Jørund Lønning. Han peikar på at utviklingskompetanse er noko av det som trengs, for å skape nye arbeidsplassar og tilflytting på bygdene.

– Det er eit problem at ungdom utdannar seg vekk frå bygdene og sit på høgare utdanning dei ikkje får brukt. Derfor ynskjer vi å gje eit utdanningstilbod tilpassa bygdenes behov, Lønning fram. Det var behovet for utviklingskompetanse, som gjorde at han byrja jobbe med bacheloren, som er den einaste av sitt slag i Skandinavia. Hausten  2010 starta dei fyrste studentane og i år er dei 25 studieplassane fylt opp for fyrste gong.

– Vi har nok vorte meir synlege. Før viste få om oss, men nå veit folk kven vi er, held Lønning fram. Eit lite, men sterk fagmiljø med forskingsbasert undervisning og at studentane vert brukt i ulike utviklingsoppdrag, meiner han er av suksessfaktorane.

LES OGSÅ: – Bygda er den nye Grünerløkka

Må ikkje vera heimeblinde
Det største potensialet til bygdene, er menneska som bur der. Det er mange som sit med bygdekunnskap, som kan brukast på nye kreative måtar i vår tid, forklarar Lønning. Han peikar og på kor viktig det er med innflyttarar, for å jobbe meir med ressursgrunnlaget og som ein aktiv kur mot det å vera heimeblind.

– Vi lever i ei urban tid og det er ei utfordring for bygdene. Samstundes bur det mange færre på bygda i enn i byen og det gjer noko med verdiskapinga. Derfor treng bygdene fleire aktive verdiskaparar, held Lønning fram. Likevel har han tru på norske bygder, om dei klarar å leva i samtida.

– Mange lengtar etter det bygda kan tilby, vi må berre gjere det tilgjengeleg, avsluttar rektoren.